Oppgåve
Prøv ut lys-mørk-kontrasten
Lag ein enkel komposisjon og eksperimenter med lys-mørk-kontrasten. Bruk same komposisjon til å lage eit bilete i gråtoner og eit bilete med ein kulørt farge. Prøv å bruke same valørar (lysheitsgrad) i begge bileta.

Komposisjonar med likskap i valørar
- Lag ein enkel komposisjon.
Fyll flatene med gråtonar med ulike valørar (lysheitsgrad).
Skap spenning ved å setje lyse og mørke flater mot kvarandre.

Trinnvis inndeling av gråtonar mellom svart og kvitt
Bruk same komposisjon. Men no skal du bruke ein kulørt farge. Ved å blande inn kvitt eller svart, får du ulike nyansar. La fargeflatene ha same valør (lysheitsgrad) som gråtonane. Øv deg på å samanlikne valøren i fargenyansane med valøren i gråtonane.

I Munsell sitt fargekart er nyansar med same valør plassert på samme nivå. Her ser du korleis vi bruker gråtoneskalaen til å bestemme lysheitsgraden i ein farge.
- Viss du vil ha ei ekstra utfordring, kan du kombinere forskjellige fargetonar. Bruk framleis same komposisjon, men no skal du finne ulike kulørte fargar med same valør (lysheitsgrad) som gråtonane du brukte i det første biletet.
Relatert innhald
Lys-mørk-kontrast
Kontrast mellom lyse og mørke fargar skapar spenning i ein komposisjon. Kontrasten mellom kvitt og svart gir den største kontrasten mellom lys og mørke.