Målingstypar i kunst

Pigment og bindemiddel

Alle typar måling består av pigment, som er sjølve fargestoffet, og eit bindemiddel. Det finst både naturlege og kunstige fargepigment. Vi kan samanlikne bindemiddelet med eit lim som held pigmenta saman og festar målinga til underlaget. Bindemiddelet er ulikt frå ein målingstype til ein annan. Dette gir kvar type måling nokre unike eigenskapar.
Akrylmåling
Akrylmåling blir seld i tubar og har ein smøraktig konsistens. Du kan blande alle fargar med kvarandre. Du kan måle med akrylmåling på nesten kva som helst, men til kunstverk blir det ofte brukt lerret eller stive plater i papp eller tre.
Ufortynna akrylmåling er dekkande, men du kan tynne henne ut med vatn slik at ho liknar effekten du får med akvarellmåling. Akrylmåling tørkar raskt, og då er målingslaga permanente. Det betyr at du kan måle nye lag over dei eksisterande laga.
Det kan vere ei utfordring at målinga tørkar fort. Du får dårlegare tid til å jobbe med detaljar før målinga er tørr. Men gjer du ein feil, kan du måle over for å rette det igjen. Det går an å tilsetje eit middel som blir kalla retarder eller slow drying medium. Desse midla forlenger tørketida på målinga slik at du får meir tid til å blande fargar og jobbe med detaljar.
Eit tynt lag med utvatna måling, kan justere fargetonen i biletet. Dette blir kalla lasur.

Forsiktigheitsreglar
Målingstypen er generelt trygg å jobbe med sidan akrylmåling er vassbasert og dermed ikkje gir nokon giftige gassar. Nokre pigment kan likevel innehalde tungmetall. Og sidan akrylmåling er plastbasert, kan vaskevatn føre mikroplast ut i naturen. Du kan sjølv minimere faren for dette ved å tørke av penslar og anna utstyr så godt som mogleg med tørkepapir før du skyl dei med vatn.
Akvarellmåling
Akvarellmåling er vassbasert måling som blir seld både i tubar og i tørka brikker. Du kan blande alle fargar med kvarandre.
Akvarellar har ofte eit lett og luftig uttrykk. Noko av grunnen er at målingsstrøka er gjennomsiktige. Både kvitleiken i papiret og tidlegare lag med måling skin gjennom nye lag. Du kan bruke kvitleiken i papiret medvitent til å skape høglys og valørar. Bruker du mykje vatn, vil du få lyse valørar av ein farge. Vatnet gjer at målinga fordeler seg og spreier seg utover der papiret er fuktig. Lite vatn i målinga gjer det lettare å måle detaljar på tørt papir. Det er viktig at tidlegare lag på papiret har fått tørke skikkeleg før du legg på nye lag.

Det er lett og praktisk å ta med seg det du treng for å måle akvarellar. Målarskrin, ein pensel, papir og ein vassbehaldar er nok. Akvarellmåling eignar seg til raske skisser, men òg til å lage detaljerte bilete.
Nøkkelen til å meistre akvarell er å få erfaring med kor mykje vatn du skal bruke når du målar. Sidan målingslaga er gjennomsiktige, er det er vanskelegare å rette opp feil med akvarellmåling enn med andre målingstypar.
Forsiktigheitsreglar
Akvarellmåling er generelt trygg, og søl kan vaskast bort med vått tørkepapir. Fargane kan likevel innehalde stoff du ikkje bør få i deg. Du bør unngå å ete og drikke mens du målar. Pigment og avfall bør også handterast ansvarleg.
Gouache
Du får kjøpt gouache i tubar og i tørka brikker. Du kan blande alle fargar med kvarandre.
Gouache er ei vassbasert måling som har god dekkevne. Det er vanleg å bruke gouache på papir. Du kan måle nye lag som dekker over det du allereie har måla, så lenge dette er tørt. Du må vere merksam på at gouachemåling som er tørka, igjen blir aktivert viss du tilfører fukt.
Denne typen måling gir ei matt overflate og tørkar raskt. Den matte overflata gjer at det ikkje blir noko gjenskinn viss bileta skal fotograferast. Dette er ein av grunnane til at gouache har vore mykje brukt til illustrasjonar i bøker og blad. Denne målingstypen blir brukt både av kunstnarar, illustratørar og designarar.
Forsiktigheitsreglar
Gouachemåling er generelt trygg, og søl kan vaskast bort med vått tørkepapir. Fargane kan likevel innehalde kjemikal du ikkje bør få i deg. Unngå derfor å ete og drikke mens du målar. Pigment og avfall bør handterast ansvarleg.
Oljemåling
I oljemåling er bindemiddelet olje. Dette gir fargane glans, og målinga får lengre tørketid. Du har god tid til å omarbeide strøka når målinga tørkar sakte, men det kan krevje tolmod å vente til ho er tørr før du kan jobbe med neste lag.
Oljemåling blir seld i tubar, og målinga har ein smøraktig konsistens. Du kan blande alle fargar med kvarandre. Målinga er dekkande, men det finst nokre pigment som er transparente og eignar seg til lasurar.
Måleri med oljemåling blir vanlegvis måla på lerret eller på treplater.

Vassbasert oljemåling
Tidlegare måtte oljemåling tynnast ut med olje, terpentin eller white-spirit, men i dag finst det òg vassbasert oljemåling. Ho har lang tørketid og same konsistens som tradisjonell oljemåling, men du treng ikkje løysemiddel.
Forsiktigheitsreglar
Vi anbefaler å velje vassbasert oljemåling. Då slepp du å måtte vaske penslar og anna utstyr med løysemiddel som terpentin eller white-spirit. Avgassar frå løysemiddel er helsefarleg å puste inn, og utslepp frå dei er skadeleg for miljøet.
Pigment kan innehalde tungmetall. Vel giftfrie alternativ, og arbeid i godt ventilerte rom viss du arbeider med oljebasert oljemåling.
Tempera
Tempera må du blande sjølv. Du kan kjøpe dei fargepigmenta du treng.
Denne målingstypen blir laga tradisjonelt ved at pigment blir blanda med egg som bindemiddel. Overflata i eit temperamåleri er matt. Det er best å bruke trepanel eller lerret med grunning til å måle på. Mjuke eller fleksible underlag kan føre til sprekkar i målinga.
Målinga tørkar fort og kan ikkje omarbeidast mykje på underlaget du skal måle på. Planlegging av måleriet er altså lurt. Du kan måle nye lag over tørre, eksisterande lag.

Forsiktigheitsreglar
Når du arbeider med eit materiale som er i pulverform, bør du passe på at du ikkje pustar inn dei fine partiklane. Ei støvmaske kan vere ei løysing. Tempera er miljøvennleg viss du bruker naturlege, giftfrie pigment.