Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Helse, miljø og sikkerheit (HMS)

Fagstoff

HMS i KDA-klasserommet

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er viktig for å førebygge skadar og helseplager, men òg for å skape eit trygt miljø for kreativitet og læring.

HMS i KDA-fag

HMS handlar om ein trygg og god arbeidskultur, også i kreative fag. Dei fysiske forholda skal vere bra, vi må vere miljømedvitne i arbeidet vårt, og vi treng eit godt .

Det finst lover og reglar om HMS for alle verksemder. Ein gyllen regel er at det er betre å førebygge enn å reparere. Det er altså betre å unngå at noko uønskt oppstår, enn å fikse når det har blitt eit problem.

Trygt arbeid med materiale og verktøy

Du må sjølv sørge for å jobbe på ein trygg måte med prosjekta dine.

Måling og kjemikal

Dei fleste målingstypar som er vanlege å bruke i kunstarbeid, er trygge å jobbe med. Å ha god ventilasjon er likevel alltid bra. Viss du skal jobbe med spraymåling, bør du bruke maske for å unngå å puste inn små, svevande partiklar. Bruker du løysemiddelbaserte produkt, må du alltid arbeide ein stad med god ventilasjon.

Vurder om du treng hanskar for å verne hendene dine mens du jobbar.

Ikkje tøm måling eller andre kjemikal i vasken. Det er meir miljøvennleg å tørke av målarkosten med tørkepapir før du skyl, enn å begynne skyljinga direkte utan å tørke av.

Papirkniv

Ein papirkniv er perfekt til å skjere i papir som ikkje er for tjukt. Viss du skjer langs ein linjal i metall, får du fine, rette kantar. Papirkniven er praktisk òg om du skal skjere ut meir organiske flater. Pass på at du ikkje bruker så mykje kraft at spissen på kniven brekker.

Tapetkniv

For å skjere i papp er tapetkniven eit godt verktøy. Knivbladet på ein tapetkniv knekk ikkje så lett. Det lønner seg å investere i ein tapetkniv av god kvalitet. Då kan han vare i mange år.

Ver forsiktig når du bruker kniv. For å skjere gjennom bokpapp på ein trygg måte bør du skjere tre til fire gonger over det same snittet. Resultatet blir reine, jamne kantar utan at du må bruke stor kraft. Mindre kraft gir deg kontroll på knivrørsla.

Ryddige arbeidsflater

Kreativt arbeid fører ofte med seg litt rot. Du kan spare deg for mange kjedelege ryddeoppgåver ved å planlegge litt før du startar eit prosjekt.

Beskytt arbeidsbordet

Viss du dekker arbeidsbordet ditt med avis- eller kraftpapir, unngår du søl på bordflata. Når du er ferdig med prosjektet, kan du brette saman papiret og vurdere om du kan bruke det igjen seinare. Gjenbruk av materiale er bra både for økonomien og for miljøet.

Hald arbeidsplassen ryddig

Når du teiknar og målar, er det best om du kan bevege deg fritt utan at det står mange ting i vegen. Fjern mest mogleg av andre gjenstandar frå arbeidsplassen din før du begynner. Generelt er det ein god idé å ha gode rutinar for å halde arbeidsplassen sin rein, ryddig og fri for støv.

Leidningar

Unngå at leidningar går på tvers over gangsoner. Det er lett å snuble i dei, og resultatet kan vere fall eller at utstyr blir øydelagt.

Psykososialt arbeidsmiljø

At vi har eit godt arbeidsmiljø med ein vennleg atmosfære, er spesielt viktig i kreativt arbeid. Du kan bidra til at arbeidsmiljøet er slik at alle kjenner seg inkludert, og at de har ein positiv tone i klasserommet. Når alle viser respekt for kvarandre, blir det lettare å ta imot kritikk slik at du kan forbetre arbeidet ditt.

Oppgåve

Oppgåva Verdier og klassemiljø gjer klassen meir medviten om kva som skal til for at de skal få eit godt klassemiljø.

Relatert innhald

Målingstypar i kunst

Kva skil ulike målingstypar i kunst? Her lærer du om akryl- og akvarellmåling, gouache, oljemåling og tempera, og om eigenskapane målingstypane har.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 04.06.2025