Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Kunst i mellomalderen

I mellomalderen blei kunsten som regel brukt til å formidle eit religiøst innhald. Kunstnarane forenkla motiva og utelukka detaljar som ikkje var viktige for bodskapen. Over ein periode på tusen år gjekk uttrykket frå å vere enkelt og stilisert til å bli meir detaljert og realistisk.

Mellomalderen

Mange tenker på mellomalderen som ein mørk, dyster og barbarisk tidsalder. Det er fordi perioden var prega av uro, lause statsdanningar, sjukdommar og forfall etter antikken. Men var eigentleg mellomalderen så mørk?

  • Mellomalderen er perioden der dei første universiteta blei etablerte.

  • Kultur og teknologi utvikla seg gjennom heile perioden.

  • Byane vaks, handelen vaks og kjennskapen til verda utanfor Europa blei større.

(Zakariassen & Paaske, 2021)

Kunst i mellomalderen

I mellomalderen i Europa brukte kunstnarar metodar dei allereie kjende, og det var lite eksperimentering med nye teknikkar. Dette kan samanliknast med synet egyptarane hadde på kunst, ei etterlikning av det kjende var godt nok. Målet var ikkje å lage ein nøyaktig kopi, men å framheve det beste i verket som blei kopiert.

Figurmåleri

Nytt i norsk mellomalderkunst er at figurmåleriet kjem inn i tradisjonen vår. Noreg blei påverka av Europa, og særleg av utviklinga i England og nord i Frankrike. Kunstnarane brukte klare konturlinjer og reine fargeflater i bileta, utan å vere opptekne av å etterlikne natur eller menneske direkte. Målet var ikkje å skape djupneverknad, men å lage ein dekorativ kunst. Unødvendige detaljar blei fjerna for å styrke bodskapen om Guds nærvær.

Folk flest kunne ikkje lese, men dei kunne oppleve ei forteljing eller handling gjennom biletkunsten. Figurane blei ikkje alltid framstilte som vakre. Dei ville heller understreke dramatikken i historiene som blei fortalde.

I seinmellomalderen blir figurane meir realistiske og nærmar seg det klassiske idealet frå antikken. Då var kunstnarane opptekne av anatomi, proporsjonar og av å skape harmoni. Mellomalderen går då mot slutten, og vi er på veg inn i neste periode, som er renessansen.

Kvinnelege kunstnarar

I mellomalderen var det svært få kvinnelege forfattarar og kunstnarar. Christine de Pisan (1364–1430) kan sjåast på som ei av dei første kvinnesakskvinnene i Europa. Ho klarte å livnære seg av å skrive. I 1420 skreiv ho Boken om damenes by, som handlar om tre kvinneskikkelsar: Fornuft, Rettskaffenhet og Rettferdighet. Boka blei illustrert av den kvinnelege kunstnaren Anastaise.

Biletteppe

Bayeuxteppet

Bayeuxteppet er som ein teikneserie som beskriv slaget ved Hastings i 1066, då normannarkongen Vilhelm Erobreren innvaderte England og slo den engelske hæren.

Teppet er laga av linstoff og brodert med ullgarn. Det er over 70 meter langt og ein halv meter breitt. Komposisjonen er systematisk bygd opp. I hovudfeltet ser vi historia som blir fortald. Over dette feltet blir hendingane skildra med tekst på latin.

Baldisholteppet (1040–1190)

Baldisholteppet er eit vove biletteppe frå mellomalderen i Norden. Det sjeldne funnet dukka opp frå ein skiten, samantulla klump då Baldishol kyrkje på Nes i Ringsaker skulle rivast i 1879. Teppet blei vaska, og sterke, klare fargar kom fram. Seinare har tekstilfibrane blitt undersøkte vitskapeleg for å datere teppet.

Teppet har antakeleg vore ein del av eit større teppe som har hatt eit motiv for kvar månad. Den bevarte delen viser to menn som symboliserer månadene mai og april. Den eine sit på ein hest. I mellomalderen var det vanleg i å symbolisere mai med ein ryttar. Vi kan sjå romanske arkitekturdetaljar som søyler og rundbogar. Bruken av bølgande linjer og få, sterke fargekontrastar er òg typisk for romansk stil. Baldisholteppet er eit av få teppe med romanske trekk som er bevarte i Europa.

I filmen under (lengde 5:52) frå Nasjonalmuseet får du høyre meir om korleis teppet blei funne på Baldishol gard, og om korleis det blei flytta til Nasjonalmuseet.

Kyrkjekunst i mellomalderen

Glasmåleri

I høgmellomalderen vart kyrkjene utsmykka med glasmåleri. Farga glas blei kutta og forma og sett saman til vakre motiv. Detaljar som ansiktstrekk og foldar i kleda blei måla med ein tynn pensel før dei blei brende inn i glaset. Glasbitane blei haldne saman med blyrammer. Å lage glasmåleri var ein tidkrevjande prosess som kravde dyktigheit.

Glasmåleria viste heilage personar, som Kristus, jomfru Maria og andre helgenar, og dei framstilte religiøse hendingar som skapinga, mirakel og krossfestinga. Folk kunne dermed "lese" Bibelen gjennom illustrasjonar.

Lyset blei i mellomalderen knytt til guddommeleg utstråling. Gjennom glasmåleria blei kyrkjerommet fylt med lys, og dei ulike fargane i måleria skapte fargenyansar i raudt, blått gult og grønt over vegger, golv og tak. Kvar farge kunne ha ei eiga betydning, som til dømes raud for kjærleik og offer eller blå for himmel, tru og guddommelegheit.

Tru og heilage gjenstandar

Historisk museum har laga ein film om utstillinga Forvandling (lengde 15:32). Her kan de studere heilage gjenstandar og lære meir om kyrkjekunst frå mellomalderen.

Video: Historisk museum / Avgrensa gjenbruk

Myter og segner

Mytar og segner spelte ei viktig rolle i kyrkjekunsten i mellomalderen, og dei bidrog til å formidle religiøse bodskap og verdiar på ein måte som var lett forståeleg for folk flest. Sjølv om historiene kunne stamme frå norrøn tru, blei dei ofte brukte som symbol for kristne verdiar.

Segna om Sigurd drakedrepar stammar frå norrøn og germansk mytologi. Den spennande historia blei skoren ut rundt inngangsdøra til ei stavkyrkje på 1200-talet. I filmen under (lengde 4:05) får vi høyre segna og sjå motiva i Hylestasportalen.

Video: Historisk museum / Avgrensa gjenbruk

Kjelder

Aukrust, K. (2024, 26. november). Christine de Pisan. I Store norske leksikon. https://snl.no/Christine_de_Pisan

Christine de Pisan. (2024, 13. oktober). Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/Christine_de_Pisan

Dahl, T. E., Bakka, E. & Rygg Rønneberg, M. L. (1994). Relieff. Gyldendal Norsk Forlag.

Glassmaleri. (2019, 23. april). Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/Glassmaleri

Kjellberg, A. & Linder, M. (2024. 26. november). Baldisholteppet. I Store norske leksikon. https://snl.no/Baldisholteppet

Linder, M. (2024, 26. november). Glassmaleri. I Store norske leksikon. https://snl.no/glassmaleri

Oppsahl, L. H. ( u. å.) Glassmaleri i middelalderens Oslo. Middelalderbyen. https://www.middelalder.no/oslo-i-middelalderen/middelalder-oslo/73-glassmaleri-i-middelalderens-oslo

Pharo, I. & Sagstad, E. (1998). Det skapende mennesket. Universitetsforlaget.

Storlien, B. & Opstad, L. (2024, 25. november). Bayeuxteppet. I Store norske leksikon. https://snl.no/bayeuxteppet

Zakariassen, E. S., Paaske, N., Kommuneforlaget. (2021, 22. februar). Oversikt: europeisk mellomalder. NDLA. https://ndla.no/article/29684

Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 06.12.2024