Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Glasmåleri

I denne oppgåva skal du lage ditt eige glasmåleri. La deg inspirere av vakre glasmåleri frå mellomalderen, og leik med fargar og ulike måtar å stilisere motivet på. Tilpass uttrykket ditt til der glasmåleriet skal stå, og kven som kjem til å oppleve det.

Til læraren

Som ein inspirasjon til slutt i oppgåva har vi lagt til ein film der elevar samarbeidde om å lage større glasmåleri. Ver merksam på at det å skulle lage glasmåleri i så store format er tidkrevjande arbeid.

Det går an å erstatte cellofanpapir med silkepapir, men cellofanpapiret gir klarare fargar.

Utstyr

  • skisse- og teiknepapir

  • teikne- og fargeblyantar

  • svart kartong

  • cellofanpapir i ulike fargar

  • tapetkniv og underlag til å skjere på

  • saks

  • limstift

Del 1: Utforsking

Undersøk

  1. Kva er eit glasmåleri?

  2. Les artikkelen "Kunst i mellomalderen". Kva funksjon hadde glasmåleri i mellomalderen?

Studer glasmåleri i nærmiljøet

Besøk ei kyrkje eller ein annan bygning som er utsmykka med glasmåleri, i nærmiljøet ditt.

  • Sjekk om de kan finne ut kven som har laga glasmåleria.

  • Kva slags motiv har dei?

  • Korleis vil de beskrive fargebruken?

  • Svart aukar strålekrafta til fargane og gjer at vi opplever dei lysare. Korleis synest de dette fungerer i dei glasmåleria de studerer?

Film: Emanuel Vigelands glassmaleri

Dersom det ikkje er mogleg for dykk å sjå nokon glasmåleri i nærmiljøet, kan de studere glasmåleria til Emanuel Vigeland i filmen under (lengde 5:14).

Del 2: Idéutvikling

  1. Sjå for deg ulike moglegheiter:

  • Kva plassering skal glasmåleriet ditt ha?
    Er det til dømes i ei kyrkje, i ein barnehage eller i eit privathus?

  • Kva slags motiv vil du bruke?

  • Kven er målgruppa?

Bruk gjerne tankekart til å idémyldre, og teikn små, raske skisser. Kommenter skissene dine undervegs med faglege kommentarar.

  1. Når du har bestemt deg for motiv og plassering av glasmåleriet ditt, jobbar du vidare med skissene dine:

  • Prøv ut ulike stiliseringar av motivet.

  • Prøv ut ulike komposisjonsprinsipp som balanse, gjentaking, rytme og tredeling, og plassar motivet inn i det formatet som glasmåleriet ditt skal ha.

  • Beskriv skissene dine fagleg.

Del 3: Gjennomføring

  1. Bestem deg for ein komposisjon til glasmåleriet og lag minst tre fargeskisser med fargeblyantar på teiknepapir.

  1. Teikn konturlinjer av glasmåleriet på to svarte kartongar. Skjer ut flatene som skal dekkast med cellofanpapir. Klipp ut cellofanpapiret og lim det på ei av dei svarte rammene. Legg den andre svarte kartongen over og lim kartongane saman.

Hugs å ta bilete og å skrive notat undervegs slik at du kan dokumentere prosessen din.

Del 4: Presentasjon

Lag ei felles utstilling. Hugs at glasmåleria først kjem til sin rett når dei får lys gjennom fargeflatene.

Del 5: Dokumentasjon og vurdering

  1. Sett saman arbeidet du har gjort i del 1, 2 og 3, og kommenter vala du har teke undervegs. Bruk fotografi som ein del av beskrivinga av arbeidsprosessen din.

  2. Set inn foto av det ferdige glasmåleriet og skriv ei eigenvurdering av arbeidet ditt.

  • Kva er du inspirert av?

  • Korleis prøver du å treffe målgruppa di med dei visuelle vala du har teke?

  • Kva komposisjonsprinsipp har du brukt?

  • Kva har du lært av prosjektet?

  • Kva kunne du gjort annleis?

Alternativ: glasmåleri i større format som gruppearbeid

Eit alternativ kan vere å løyse oppgåva som eit gruppearbeid. I filmen under (lengde 3:18) får du sjå korleis elevar ved Vågen videregående skole jobba med eit prosjekt der dei stilte ut store glasmåleri i kantina på skulen.

Video: Bjørn-Ole Schjølberg / CC BY-ND 4.0

Relatert innhald

Stilisering – kva er det?

Stilisering er når vi framstiller noko mykje meir forenkla enn det er i verkelegheita. Stiliseringa må ha nok likskap til at vi kan kjenne att kva det er.

Eksperimenter med komposisjonsprinsipp

Lag eigne, personlege versjonar av komposisjonane i oversikta. Bruk gjerne meir enn eit prinsipp i same rute, men la hovudprinsippet komme tydeleg fram.

Skrive av Gjertrud Grødem Stikbakke, Belgica Moncada og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 20.04.2026