Kan KI lage bilete som representerer ulike epokar?
Del 1: Studer dei to KI-genererte bileta
Biletet til venstre er generert i Adobe Firefly med denne instruksen: "Lag eit bilete med motiv som er typisk for renessansen. Det skal ha same djupne som himmelkvelvingen Michelangelo måla i Det sixtinske kapellet."
Biletet til høgre er generert med ChatGPT 4o med same instruks: "Lag eit bilete med motiv som er typisk for renessansen. Det skal ha same djupne som himmelkvelvingen Michelangelo måla i Det sixtinske kapellet."
Tenk over
Kvifor er dei to bileta så ulike?
Korleis representerer dei to bileta renessansen, og korleis gjer dei det ikkje?
Diskuter kva ord i instruksen som kan ha vore viktigast for den visuelle attgivinga til biletroboten.
Del 2: Samarbeid i grupper på to–tre elevar
Vel ein tidsepoke de har hatt om i kunst- og kulturhistorie. Repeter kva som kjenneteiknar biletkunsten i denne perioden, og noter stikkord. De kan velje mellom desse:
Finn eit bilete frå perioden som de vil ha som utgangspunkt for å generere nye illustrasjonar. Vel element i biletet som de vil ta med vidare. Bruk NDLA sin eller ein annan godkjend biletrobot, og samarbeid om å skrive instruks til han. Beskriv motivet de har valt, og det visuelle uttrykket som kjenneteiknar perioden.
Kor gode blir bileta roboten genererer ved hjelp av KI?
Samanlikn resultata. Diskuter kva bilete som treffer best på epoken og kvifor.
Kva legg biletroboten til av eigen stil?
Del 3: Gjett kva epoke
Vel dei to beste biletdøma og la dei andre gruppene gjette kva epoke de har valt. Diskuter kva som gjer at dei klarer å kjenne igjen det visuelle uttrykket frå perioden – eller eventuelt ikkje.
Bruk gjerne karusellmetoden
Halvparten av gruppene står i ein sirkel. Den andre halvparten står i ein sirkel innanfor. Den ytste sirkelen roterer med klokka etter eit gitt antal minutt. Slik får alle gruppene i den ytre sirkelen snakka med alle gruppene i den indre sirkelen.
Del 4: Samanfatt felles i klassen
Kva erfaringar gjorde de då de skulle generere tidstypiske bilete frå ulike periodar ved hjelp av KI?
Kva synest de om dei KI-genererte uttrykka?
Kva kan KI hjelpe oss med, og kva avgrensingar har verktøyet?
Diskuter i klassen korleis tidlegare tiders kunstuttrykk kan inspirere oss til å skape våre eigne uttrykk.
Relatert innhald
Få tips og døme til gode instruksar til biletgenereringa di.
Du må tenke på presist språk, rolle og tone, kontekst, format, rekkefølge og oppfølgingsspørsmål når du lagar instruksar til praterobotar.