Kva er prosess-stopp?

Kva er poenget med ein prosess-stopp?
Det er fleire fordelar ved å stoppe opp i ein prosess. Berre det å ta ein pause frå eige arbeid kan gi deg eit anna perspektiv. Går du saman med andre, er det endå meir å vinne fordi du då får fleire friske blikk inn i prosessen.
Inspirasjon
Å høyre om idéane og tilnærmingane dei andre har, er inspirerande! Andres måtar å løyse oppgåver på kan gi deg nye tankar om det du sjølv held på med. Og ein idé fører ofte til ein annan. Slik blir idéane frå kvar enkelt til gjensidig inspirasjon for heile gruppa.
Nye perspektiv
At andre får høyre om planane dine og gi innspel på dei, kan løfte heile prosjektet ditt. På same måte vil du kunne gi andre hjelp til å sjå prosjekta sine i eit litt anna lys.
Ved å sleppe andre inn i tankeprosessane dine, får du tilgang til nye perspektiv. Andre kan komme med idéar ut frå ståstaden sin. Kanskje ser dei andre mogelegheiter og løysingar som kan hjelpe deg vidare? Ofte er det noko du ikkje har tenkt på, men som du no kan vurdere å ta med i arbeidet ditt.
Det kan vere vanskeleg å sjå svakheiter og snubletrådar i det du er tett på. Då kan det vere ein fordel at nokon gjer deg merksam på dette før du har jobba deg for langt inn i prosjektet. Då har du framleis tid til å justere kursen. Det kan like godt vere du som har erfart noko som kan komme dei andre til nytte. Gjennom samtalar kan du lære mykje, samtidig som du slepp å gjere feil for å oppnå denne lærdommen.
Refleksjon
Å diskutere arbeidet ditt med andre kan hjelpe deg med å reflektere over dine eigne val og avgjerder. Etter ein prosess-stopp kan du på kort sikt justere planane og forhåpentleg få eit betre resultat. På lang sikt kan det gi deg ny kompetanse i dei kreative prosessane dine.
Forslag til spørsmål de kan stille
Kva er styrken ved dette prosjektet?
Kva område kan forbetrast eller utforskast vidare?
Korleis blir bodskapen eller temaet i arbeidet oppfatta?
Korleis fungerer komposisjonen, bruk av fargar og teknikkar?
Er det nokon tekniske eller idémessige utfordringar som treng ei løysing?
Korleis kan du utvikle og bygge vidare på det du allereie har?