Hopp til innhald
Bokmål
Øvelse

Frå utsnitt til teikning

La deg inspirere av eit lite utsnitt frå eit magasin eller liknande. Utklippet skal bli ein del av ei stor, detaljert blyantsteikning. Leik med motivet og skap ein ny komposisjon. Målet er å utvikle ei teikning med fokus på flater, former og valørar.

Utstyr

  • utsnitt av eit bilete (ca. 2 x 2 cm), til dømes frå eit magasin

  • saks

  • lim

  • teikneblyantar i ulike hardleiksgradar

  • viskeler

  • teiknepapir: A5- og A3-format

  • linjal

Del 1: Finn eit utsnitt

Sjå gjennom magasin for å finne eit utsnitt som fangar interessa di. Det kan vere spennande former, mønster, teksturar eller flater. Det skal berre brukast som eit startpunkt, så ikkje bruk for lang tid på denne delen. Klipp ut eit utsnitt på cirka 2 x 2 centimeter.

Storleik på teikninga

Storleiken på teikninga di skal vere 148 x 210 millimeter. Dette svarer til eit A5-ark, som du får ved å brette eit A4-ark med dei korte sidene mot kvarandre.

Plassering av utsnittet

No skal du plassere utsnittet ein eller annan stad på A5-arket. Du kan plassere det kvar du vil, og du kan velje kva orientering utsnittet skal ha. Sjå nøye på detaljar, linjer og teksturar. Når du har bestemt deg, limer du utsnittet på arket.

Del 2: Utvid komposisjonen

No skal du utvide utsnittet ved hjelp av teikneblyantane dine. Du kan bruke fantasien og lage mønster og flater som ikkje skal førestille noko spesielt, og du står fritt til å lage akkurat den teikninga du vil. La detaljar i utsnittet inspirere til nye former, linjer og overgangar.

Del 3: Arbeid med valørar

Kontrastar mellom lyse og mørke område er noko av det som gjer ei teikning spennande. Prøv å få til mange valørar med dei ulike teikneblyantane, og bruk gjerne ulike skraveringsteknikkar for å skape overgangar og djupne.

Del 4: Montering

Monter teikninga di på eit A3-ark når ho er ferdig.

Del 5: Refleksjon

Skriv eit kort refleksjonsnotat om korleis utsnittet inspirerte deg. Beskriv kva teknikkar du har brukt, og korleis du har jobba med flater, former og valørar.

Kjelde

Evrin, J. C., Lerpold, M. & Strøyme L. M. (1999). Det skapende mennesket. Tegning, form, farge 1. Universitetsforlaget.

Relatert innhald

Fagstoff
Valør

Gråtonane mellom kvitt og svart blir kalla valørar. Lær korleis du kan bruke valørar til å skape djupneverknad i teikningane dine.

Oppgåver og aktivitetar
Skraveringsteknikk

Skravering kan brukast for å lage lys og skygge og elles lyse og mørke felt. I denne oppgåva skal du øve på ulike skraveringsteknikkar.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist fagleg oppdatert 01/27/2025