Formelement - Kunst og visuelle verkemiddel 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Formelement

Når du skal formgi noko, må du ha kunnskap om kva som kjenneteiknar ei god form. Då bør du kjenne til dei grunnleggande formelementa.

Grunnleggande formelement

Same kva du gir form til, må du kjenne til dei grunnleggande formelementa. Du må kunne bruke og kombinere dei for å skape eit formuttrykk. Dei grunnleggande elementa er:

  • punkt
  • linje
  • flate
  • form

Punkt

Punktet er det enklaste formelementet. Du kan oppleve det som ein liten prikk etter teiknereiskapen din på arket.

Set vi fleire punkt saman, vil det dukke opp usynlege lenker som gjer at vi kan sjå mønster.

Vi kan sjå for oss eit midtpunkt sjølv om det ikkje er synleg, til dømes senteret i ein sirkel eller i ein komposisjon.

Linje

Ei linje kan vi teikne, men vi kan òg sjå ei linje som vi synest oppstår mellom andre former. Til dømes vil fleire punkt kunne danne ei linje.

Linjer kan ha ulik karakter. Geometriske linjer er rette eller stramt bua, slik vi kan konstruere dei ved hjelp av ein linjal eller passar. Organiske linjer er mjuke og uregelmessige, slik vi kan møte dei i naturen.

Ein strek er alltid teikna, han er konkret med ei byrjing og ein slutt. Her har vi brukt geometriske og organiske strekar i to komposisjonar. Hugs at ei linje kan vere det same som ein strek, men at linjer òg kan oppstå i mellomromma.

Flate

Når vi snakkar om flate, snakkar vi gjerne om overflata på noko. Ei flate er avgrensa. Flata er todimensjonal, men ho kan vere bøygd og følge ei form.

Form

Gjenstandar er tredimensjonale. Ein gjenstand kan du sjå frå alle sider. Forma på ein gjenstand har eit rominnhald, og dette kallar vi volum. Forma kan vere massiv eller hol. Ein gjenstand kan òg vere sett saman av fleire former.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Mandala

Mandala er ei god øving i konsentrasjon og i å teikne ulike formelement. Lag ein mandala ved å gjenta same formelement rundt eit senter.

Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland, Iselin Myklebust og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2024