Mandala - Kunst og visuelle verkemiddel 1 - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Mandala

I denne oppgåva skal du lage ein mandala. Mandala betyr "dekorasjon i ein sirkel". Denne måten å teikne på blir gjerne brukt som meditasjon. For oss er det ei god øving i konsentrasjon og i å teikne ulike formelement.

Til læraren

Startoppgåve

Å lage mandalaer kan bli brukt som ein introduksjon til formelement. I starten av skuleåret kan elevane jobbe sjølvstendig med denne oppgåva, mens du som lærer vil kunne gjennomføre elevsamtalar.

Avgrens fargepaletten

Det kan vere lurt å gjere klar teikneark eller kartong i same format til alle på førehand. Her kan det vere fint å avgrense paletten på papira elevane teiknar på, slik at det blir ei harmonisk utstilling når mandalaene blir hengde opp saman.

Lag din eigen mandala

Utstyr

  • Teikneark eller kartong med kvadratisk form

  • Teikne- og fargeblyantar, penn eller tusjar

Gjentaking av formelement

Les om formelement og lær deg fagorda.

Lag ein mandala ved å gjenta same formelement slik det er vist i instruksjonsfilmen under. Du skal bruke dei grunnleggande elementa punkt, linjer og flater og gjenta dei systematisk rundt senteret.

Bruk eit kvadratisk teikneark. Du finn midtpunktet der diagonalane kryssar kvarandre. Arbeid i sirkel ut frå dette punktet.

Viss du ønsker det, kan du prøve ut ein liten versjon før du startar på den store. Du vel om du vil starte med blyant, tusj eller penn.

Fargar

Du kan bruke kvit eller farga kartong eller teikneark. Bruk gjerne fargeblyantar eller tusjar til å dekorere mandalaen din med fargar.

Instruksjonsfilmar

Frihand

Det er ei god øving å teikne mandalaen på frihand. Instruksjonsfilmen under viser korleis du kan bygge opp ein mandala trinn for trinn.

Video: Siren Halvorsen / CC BY-SA 4.0

Bruk av hjelpelinjer

Viss du synest det er lettare å bruke hjelpelinjer til å bygge opp mandalaen, kan du bruke passar og linjal til å dele sirklar inn i åtte delar. Instruksjonsfilmen under viser deg korleis du kan bygge opp ein mandala ved bruk av hjelpelinjer.

Video: Siren Halvorsen / CC BY-SA 4.0

Utstilling

Lag ei felles utstilling av dei ferdige mandala-illustrasjonane. Bli einige om de vil skape eit lappeteppe, eller om de vil ha avstand mellom arbeida.

Kjelde

Saers, C. & Dæhli, K. (2019, 15. august). Buddhisme –retningar. NDLA. https://ndla.no/19907

Skrive av Liv Inger Espedal og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2024