Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Flyktningkrisa

Gatekunst blir ofte brukt til å ta opp samfunnsaktuelle tema. I denne oppgåva skal de lage eit uttrykk som får fram ulike sider ved flyktningkrisa, og som kan engasjere dei som ser verket. Jobb med fargeflater og bruk sjablong til å spraye motivet på valt underlag.

Inspirasjonsfilm

Elevar ved Narvik videregående skole fekk i oppdrag å dekorere ein idrettsarena. I filmen under (lengde 3 min) viser dei korleis dei jobba trinn for trinn med sjablongteknikk.

Video: Marita Ivarsson Elverum / CC BY-NC 4.0

Del 1: Sett deg inn i temaet

Les desse artiklane om flyktningar:

Del 2: Skap ditt eige uttrykk

De skal skape eit eige uttrykk inspirert av tematikken knytt til flyktningkrisa.

La deg gjerne inspirere av bilete du ser, men hugs at de skal lage ein komposisjon med eige særpreg. Teknikken de skal arbeide i, er bruk av sjablong.

Til læraren

Viss de ønsker å dekorere ein offentleg vegg, må de be om løyve i god tid før de startar prosjektet.

Bruk gjerne den digitale utstillinga Odyssey som inspirasjon i startfasen av prosjektet.

For at elevane skal komme godt i gang med å tenke komposisjon, kan dei laga ein kollasj av bilete frå aviser og blad før dei går i gang med sjølv oppgåva.

Avgrens gjerne fargebruken. Det kan til dømes vere ein idé at sjølve uttrykket skal kombinere gråtonar med ein eller fleire fargetonar.

Idémyldring

  1. Gå saman to og to, og idémyldre rundt temaet flyktningkrisa.

    • Kva knyter de til flyktningkrisa?

    • Har de nokre tankar de kan formidle gjennom å stille eit samfunnskritisk spørsmål? Bruk gjerne tankekart. Deretter vel de individuelt kva de vil arbeide vidare med.

  2. Lag to–tre skisser eller ein fotokollasj.

Gjennomføring

  1. Vel så ei av skissene eller noko frå fotokollasjen som du vil arbeide vidare med. Last det inn i eit biletbehandlingsprogram. Eit gratis program som kan vere fint å bruke, er Pixlr.com.

  2. Jobb med å forenkle uttrykket slik at det kan danne basisen for ein sjablong.

    Døme på arbeid i pixlr.com:

    I programmet Pixlr opnar du det fotografiet du ønsker å bruke:

    Under fana "Justering" vel du "Farge oppslag" og svart/kvitt:

    Under fana "Justering" vel du deretter "Posterize":

    Under "Posterize" kan du justere kva nivå du ønsker å ha dei ulike valørane i:

    Biletet kan verke noko kornete. Du kan lett forsterke valørane gjennom å plukke opp farge og så bruke teikneverktøy:

    Du kan enkelt setje inn tekst ved å velje tekstverktøy, storleik og font:

  3. Lag sjablongar. Jobbar du i formata A4 eller A3, skriv du ut like mange ark som du har valørar.

    Jobbar du i større format, kan du skrive ut ein transparent. Monter kartong på veggen og bruk overhead slik at du får storleiken på motivet ditt slik du vil ha det. Deretter må du teikne sjablongar for kvart lag. Ein valør eller fargetone svarer til eit lag. Her er det viktig å tenke på både positiv og negativ form.

    Tips: Når du teiknar dei ulike laga, er det lurt å ha ein kant som alle laga skal følge. Då blir det lettare å få kvar farge/valør til å hamne på rett stad når du skal spraye.

  4. Bruk kniv til å skjere bort dei svarte flatene. Flatene som står igjen, bør vere så samanhengande som mogleg. Bruk gjerne ein kniv med tynt blad, då er det lettare å skjere ut dei mindre delane.

Del 3: Bakgrunn

  1. Ikkje bruk offentlege vegger utan å ha løyve. Det finst fleire moglegheiter for underlag, til dømes: capaplater, hard kartong (foliert) eller treplater.

  2. Eksperimenter med fargar og måleteknikkar og lag ein bakgrunn som du vil spraye motivet ditt på.

Del 4: Innlevering og vurdering

Samle alle skisser og utprøvingar i ei mappe. Skriv eit refleksjonsnotat der du vurderer desse punkta:

  • Kva ønskte du å seie om flyktningkrisa, og korleis formidlar arbeidet ditt dette?

  • Korleis har du latt deg inspirere av gatekunst?

  • Kva har du eksperimentert med, og kva for ulike måleteknikkar har du brukt?

  • Korleis har du brukt sjablongteknikken?

  • Korleis er val av fargar og skrift med på å forsterke uttrykket ditt?

  • Kva er du mest fornøgd med i arbeidet ditt?

Relatert innhald

Skrive av Marita Ivarsson Elverum.
Sist oppdatert 10.06.2024