Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Historisk blikk på gatekunst

Gatekunst har utvikla seg frå å vere ei form for ulovleg tagging og graffiti til å bli eit anerkjent kunstuttrykk. Møt nokre kunstnarar som har bidrege til at street art har blitt ein del av samtidskunsten.

Graffiti

Graffiti er innskrift eller teikning som er måla eller rissa inn på ein vegg eller på mur. I gatekunsten blir det som regel brukt sprayboks og direkte "teikning" på eit underlag. Denne forma for graffiti har meir og meir blitt ein konkurranse om å vere synleg.

Ulike former for graffiti

  • Tags er signaturar laga av særprega skrift.

  • Piecar er sette saman av store bokstavar med særpreg og form.

  • Characters er ofte teikneserieaktige figurar som bygger opp om ein piece.

Gjennombrot i New York

Taki 183 var ein graffitiartist som blei kjend på 1970-talet for å ha tagga namnet sitt på vegger og bygningar over heile New York City. Namnet stammar frå gresk, og talet bak var gatenummeret i adressa hans. Han har blitt eit symbol på den tidlege graffitirørsla i USA, som inspirerte ungdomskulturen.

Graffitien ut i verda

I 1984 kom filmen Beat Street. Filmen gjekk på kino verda rundt og spreidde graffitien internasjonalt, også til Noreg. Graffitien i filmen blei måla av kunststudentar, og ikkje av graffitikunstnarar.

Sjablongkunst som gatekunst

John Fekner (1950– )

John Fekner er ein samfunnsengasjert amerikansk kunstnar, som er kjend for sine spraymåla, konseptuelle utandørsarbeid. Fekner har òg laga måleri, video, musikkinnspelingar og performance-verk, skulptur, fotografi og datagenerert arbeid, og han har støypt papirrelieff.

Blek le rat (1951– )

Blek le rat er ein fransk graffitikunstnar. Han var ein av dei første graffitikunstnarane i Paris, og har blitt beskrive som "far til sjablonggraffitien".

Blek le Rat hadde vore i New York på ferie og opplevd graffitikunsten i byen. Inspirert av dette ville han lage graffiti i Paris, men han syntest ikkje "klassisk" New York-graffiti passa inn i den parisiske arkitekturen.

Jef Aérosol (1957– )

Jef Aérosol er kallenamnet til Jean-François Perroy, ein fransk sjablongkunstnar som har kjempa for urban kunst i Frankrike sidan 1982. Han er kjend for portretta sine av kjende personlegdommar som mellom anna John Lennon, Bob Dylan og Nelson Mandela, men han gjengir òg kvardagsmenneske.

Til liks med Blek le rat er Jef Aérosol ein førstegenerasjons moderne sjablongkunstnar. Han bruker sjablongane rett på veggen eller på papir. Papira blir ofte brukte som plakatar og limde opp med kveitelim (wheat paste).

Jef Aérosol har sett preget sitt på vegger i mange byar rundt om i verda. No finst verka hans òg i fleire galleri i Frankrike og i utlandet.

Banksy (1974 – )

Banksy er ein engelsk biletkunstnar. Han blei verdskjend som graffitikunstnar og jobbar med sjablongar og spraymåling. Politi, soldatar, barn og eldre, eller dyr som apar og rotter, kan vere med som biletelement i arbeida hans. Kunstverka er ofte satiriske og handlar gjerne om politikk, kultur eller etikk.

Sjølv om det han lagar ikkje er bestilt eller lovleg oppført, er fleire av verka hans blitt auksjonerte bort av det anerkjende auksjonshuset Sotheby's til ekstreme summar. Andre av verka hans har blitt sett på som vandalisme, og er dekte til eller måla over.

Banksy bidrog til å gjere gatekunst "stovereint" og populært. Han er elska og hata i miljøet for å gjere street art "main stream", og for å trekke gatekunsten inn i galleria.

Sjablongkunst som gatekunst – norske kunstnarar

Dolk

Dolk er ein av dei mest kjende gatekunstnarane våre. Han hentar ofte motiva sine frå populærkulturen og set dei inn i nye samanhengar. Her bruker han gjerne humor og har eit kritisk blikk på det han viser oss.

Folk kan sjå Dolks verk på vegger i byar som Bergen, Oslo, Berlin, København, Barcelona, Lisboa, Stockholm, Praha, Melbourne, New York og Tokyo. Sidan 2007 har han òg teke steget inn i galleri og auksjonshus.

Dolk jobba anonymt fram til han avslørte identiteten sin som Andreas Hamran Færø i eit portrettintervju i Bergens Tidende i 2018.

Pøbel

Pøbel er kjend for å utfordre grensene for kva kunst kan vere, og for å gjere han tilgjengeleg for alle. Han starta å bruke namnet "Pøbel" då han som tenåring lærte seg sjølv sjablongteknikkar og starta å måle i 1999.

Nokre av dei første verka hans dukka opp i Stavanger og seinare i Bergen. I 2006 skapte han kontroversar då han spraymåla på ein død spermkval som var stranda og låg og rotna på land i Eggum i Lofoten. I 2008 deltok han i Banksys Cans Festival i London.

Pøbel er kjend for å kommentere samfunnet vi lever i, og jobbar ofte med særnorske idéar og motiv. Han har bidrege til å hylle helsearbeidarane under koronapandemien og gitt støtte til bøndene gjennom arbeid publisert på Instagram. Der har han òg publisert eit stort veggmåleri han har laga av fotballspelaren Erling Braut Haaland i heimbyen hans.

Dolk og Pøbel i Lofoten

Dolk og Pøbel ville forandre folks syn på graffiti ved å flytte kunsten frå bymiljøet og ut til distrikta og naturen. I 2012 dekorerte dei fleire forlatne bygningar i Lofoten. Prosjektet kan vise oss noko om forholdet mellom menneske og natur, og korleis naturen tek tilbake det som ein gong var menneskeskapt.

DOT DOT DOT

DOT DOT DOT er kallenamnet til ein norsk kunstnar som signerer gatekunstverka sine med tre prikkar. Han er tidlegare straffedømd for graffiti og synest det er ein fordel å kunne jobbe anonymt.

DOT DOT DOT starta som graffitiartist i 1997, men er òg kjend for grafikk og konseptuell kunst. Arbeida hans har blitt viste i galleri over heile verda, i byar som Oslo, København, Berlin, Paris, Málaga, Los Angeles, Miami, New York City, Tokyo og Bangkok.



Kjelder

Calab Gallery (u.å.). Jef Aerosol. https://www.colab-gallery.com/en/jef-aerosol

Eriksen, D. (2013, 14. oktober). Banksy solgte originaler for 60 dollar. NRK. https://www.nrk.no/kultur/banksy-originaler-for-60-dollar-1.11296624

Moi, M. (2023, 27. juli). Graffiti. Store norske leksikon. https://snl.no/graffiti

Torstensen M. D. (u.å.) dotdotdot. Fine art. https://www.fineart.no/doc/dotdotdot

Andreas Hamran Færø. (2024, 5. januar). I Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/Andreas_Hamran_F%C3%A6r%C3%B8

Banksy. (2024, 2. januar). I Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/Banksy

Beat Street. (2018, 18. juni). I Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/Beat_Street

Blek le Rat. (2024, 6. februar). I Wikipedia. https://en.wikipedia.org/wiki/Blek_le_Rat

John Fekner. (2024, 19. juni). I Wikipedia. https://en.wikipedia.org/wiki/John_Fekner

Wikipedia (u.å.). Pøbel (kunstner).I Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/P%C3%B8bel_(kunstner)

TAKI 183. (2024, 5. juni). I Wikipedia. https://en.wikipedia.org/wiki/TAKI_183

Skrive av Marita Ivarsson Elverum og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 16.05.2024