Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Kroppsspråk og relasjonskompetanse

Her skal vi sjå på korleis du kan øve opp eit positivt kroppsspråk, sosial kompetanse og relasjonskompetanse.

Øving gjer meister!

Som vertskap møter du mange ulike menneske, og det krev både sosial kompetanse og relasjonskompetanse. Sosial kompetanse handlar om å fungere godt saman med andre og tilpasse deg ulike situasjonar. Relasjonskompetanse handlar om å bygge gode relasjonar gjennom forståing, empati og evne til å sjå kvar enkelt gjest. Også kroppsspråket ditt speler ei viktig rolle, fordi det viser gjestene korleis du eigentleg oppfattar situasjonen. Alle desse ferdigheitene kan trenast opp, og jo meir du øver, desto tryggare blir du i rolla.

Du kan trene saman med venner eller familie, eller framfor ein spegel før du møter gjestene. Førestill deg situasjonar du kan komme i, og øv på korleis du vil opptre – både med ord og kroppsspråk. Her får du nokre konkrete tips.

Initiativ

Ver gjerne den første til å ta kontakt. Eit vennleg "hei" og eit smil er ein god start. Det viser at du er open, trygg og imøtekommande. Når du verkar positiv og interessert, kjenner gjesten seg raskare trygg og velkommen. Positiv utstråling gjer at det du seier, blir teke imot på ein meir positiv måte.

Handhelsing

Eit godt handtrykk gir eit godt førsteinntrykk. Det bør vere fast, men ikkje for hardt. Slappe handtrykk kan gjere at du verkar usikker, mens eit altfor hardt handtrykk kan opplevast ubehageleg. Førsteinntrykket betyr mykje for korleis relasjonen utviklar seg vidare.

Augekontakt

Å sjå gjesten i auga når de helser og snakkar saman, viser at du er interessert og til stades. Viss du ser ned eller bort, kan gjesten kjenne seg mindre viktig. Samtidig skal du ikkje stire, men halde eit naturleg blikk. Eit tips er å fokusere på munnen til personen – då ser du engasjert ut utan å bli intens.

Stemme og tonefall

Måten du snakkar på, påverkar korleis bodskapen din blir motteken. Bruk eit roleg og positivt tonefall, og unngå faguttrykk eller slang som gjesten kanskje ikkje forstår. Ei tydeleg og vennleg stemme viser respekt og gjer kommunikasjonen lettare for begge partar.

Vis interesse!

Nokre samtalar flyt lett, mens andre kan vere meir krevjande. Du vil møte gjester som har andre interesser og ein annan kultur enn deg. Likevel er det viktig å vise ekte interesse for gjesten. Å stille spørsmål og lytte aktivt er viktige ferdigheiter som bygger gode relasjonar. Gode lyttarar får ofte høyre at dei er enkle å prate med – sjølv når dei har sagt lite sjølv.

Vis empati

Å vise empati betyr at du prøver å forstå korleis gjesten har det, spesielt når gjesten er frustrert eller opplever ei utfordring. Då er det viktig at du lyttar roleg, viser forståing for situasjonen og bekreftar at du ønsker å hjelpe. Empati handlar òg om å ta behovet til gjesten på alvor og gjere det du kan for å finne ei god løysing.

Viss du til dømes møter ein gjest som sit i rullestol og ber om taxi, må du tenke over at gjesten treng ein bil med løfteplattform. Bestiller du ein vanleg taxi, kan gjesten kjenne seg oversett eller misforstått.

Skulle du gjere ein feil, er det viktig å ta ansvar, beklage og raskt rette opp situasjonen. Dette viser respekt og gjer det lettare å gjenopprette tillit.

Skrive av Hilde Morseth. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS.
Sist oppdatert 22.12.2025