Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

System for kundeoppfølging

Kundar er ikkje så lojale som vi ønskjer å tru. Det er stadig fleire konkurrentar i marknaden, noko som gjer at service og kundeoppfølging blir viktigare. Eit godt system for kundeoppfølging kan gjere forskjellen mellom bedriftene i kampen om kundane.

Lojale kundar

Vi veit at kundeservice er vesentleg for å få fornøgde kundar, og for å få lojale kundar må bedrifta følgje opp kundane òg etter kjøpet. Bedrifta må heile tida jobbe for å få lojale kundar. Det treng ikkje nødvendigvis vere ein omfattande jobb for salsmedarbeidaren, men kundeoppfølging må setjast i system og bli ein del av den daglege drifta.

Eit døme på kundeoppfølging er at du som salsmedarbeidar spør kunden om dei vil bli med i kundeklubben til bedrifta eller i eit lojalitetsprogram. Då får du lagd nye kundar inn i databasen til bedrifta.

System for kundeoppfølging

For at bedrifta skal jobbe effektivt med sal og kundeoppfølging, er eit digitalt CRM-system (Customer Relations Management) heilt avgjerande. CRM handlar om å byggje gode kunderelasjonar og gjere kundeoppfølginga meir tilpassa kundane.

Det finst mange måtar å følgje opp kundane på, til dømes ei tekstmelding, ein telefonsamtale, eit brev og til og med personleg oppmøte.

Tekstmelding og e-post er effektivt sidan det kan sendast raskt, og du kan følgje med på kommentarar og tilbakemeldingar. Sist, men ikkje minst, er effekten målbar. Ofte blir du òg spurt om å svare på ei kort kundeundersøking, noko som òg er ei form for kundeoppfølging.

Ved å bruke eit CRM-system får vi samla inn alle kunderelaterte prosessar, slik som sal, kundeservice og marknadsføring, på éin stad. I systemet kan du lagre alle aktivitetar, til dømes e-postar, marknadskampanjar og telefonsamtalar, noko som gjer det lettare å ha kunden i fokus uansett kven i bedrifta som er i kontakt med kunden.

Det finst hundrevis av digitale CRM-verktøy på marknaden, og mange av dei er gratis, men då med visse avgrensingar. Du må først og fremst tenkje på kva behov bedrifta har.

Blant norske CRM-system kan vi nemne SuperOffice, webCRM, BilligCRM, Lime og 360 Business Tool. Blant dei store utanlandske løysingane har vi Microsoft Dynamics, Oracle E-Business Suite og HubSpot.

Relatert innhald

CRM og kundedatabasar

Ein kundedatabase er eit elektronisk kundekartotek med informasjon om kundane og kontakten deira med leverandøren.

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 01.06.2021