Oppgåve
Video
God kommunikasjon i kundeoppfølginga
I denne oppgåva skal du reflektere over korleis god kommunikasjon bidreg til å lykkast med kundeoppfølginga og fremjar sal, meirsal og gjensal.
I filmen møter vi representantar frå fire ulike typar verksemder som fortel kvifor det er viktig med god kommunikasjon internt og eksternt ut mot kundar. Video: Terranova / CC BY-NC-ND 4.0
Oppgåve 1
Sjå videoen "God kommunikasjon på jobb" ovanfor. Noter samtidig stikkord om kva som kjenneteiknar god kommunikasjon på jobb.
Oppgåve 2
På kva måtar bidreg god kommunikasjon til å fremje sal, meirsal og gjensal? Grunngi.
Oppgåve 3
Forklar korleis den interne kommunikasjonen i bedrifter påverkar kundeoppfølginga deira.
Oppgåve 4
God kommunikasjon internt og eksternt ut mot kundar er viktig for å lykkast. Korleis blir dette grunngitt i filmen?