Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Korleis skape opplevingar i norsk og samisk kultur?

Fagstoff
Video

Å skape opplevingar med historieforteljing

Har du nokon gong delteke på ei byvandring eller besøkt ein historisk temapark? Slike reiselivsopplevingar bruker historieforteljing som verkemiddel for å skape gode og engasjerande opplevingar for turistane.

Kva er historieforteljing?

Historieforteljing er tradisjonelt einvegskommunikasjon der vi lyttar passivt til ein som fortel. I reiselivet er det derimot vanleg å gi turistane ei meir aktiv rolle og trekke dei inn i historia ved at dei til dømes deltek i ulike aktivitetar.

Historieformidling som verkemiddel

Historieforteljing som verkemiddel i ei reiselivsoppleving tek utgangspunkt i ei historie som ein ønsker å fortelje. Det kan vere ei historie om levesett, anten i notid eller historisk, eller ho kan ta utgangspunkt i ei segn eller eit eventyr.

For å skape opplevingar med historieforteljing må du som reiselivsaktør lage ein samanheng som engasjerer og trekker turistane med inn i sjølve opplevinga. Du treng derfor kunnskap og erfaring om både vertskapsrolla, produktet du sel og historia du skal fortelje.

Planlegging av historieforteljing

Med god planlegging og tilrettelegging kan du skape minneverdige opplevingar for turistane gjennom historieforteljing. For å klare dette må du tenke nøye gjennom

  • temaet for og historia til opplevinga

  • korleis du skal formidle historia

  • måtar å involvere turistane i historia på

  • om historia bidreg til læring

  • om historia er truverdig

Ei reiselivsoppleving kan vere bygd opp av fleire historier, som til dømes ei byvandring der det blir fortalt ei ny historie på kvart stopp. For å planlegge ei byvandring kan vi bruke ei -kurve som vist nedanfor. Her ser vi at ved å bygge opp mot ulike høgdepunkt får vi alle historiene til å saman gi ei heilskapleg oppleving.

Formidling av historier i ulike reiselivsopplevingar

Vi kan bruke mange ulike verkemiddel for å formidle ei historie. Forteljarstemma kan mellom anna vere ein guide, ein skodespelar eller ei stemme du lyttar til i høyretelefonar. Du kan til dømes få lese opp ei historie når du skannar ein QR-kode undervegs i ei byvandring.

Teknologi kan òg brukast som eit verkemiddel for å involvere turistane i historia. Eit døme er 4D, der vi kan bruke effektar som luft, vatn, lukt og bevegelse. - og - teknologi er andre verkemiddel som involverer og engasjerer.

Mange historiske historieforteljingar attskaper storhendingar på staden der den historiske hendinga faktisk fann stad.

Nedanfor finn du tre ulike døme på reiselivsopplevingar der historieforteljing står sentralt.

Byvandring

I nesten alle byar blir det arrangert byvandringar for turistar. Det er ein fin og lærerik måte å oppleve ein by på. Tradisjonelle byvandringar går føre seg til fots, men det er òg populært å bruke syklar, elektriske sparkesyklar og sightseeingbussar.

Byvandringar blir bygd opp av mange små historier undervegs. Historiene kan vere henta frå både notid og fortid. Mange flettar inn "artigfakta" for å gjere historiene meir underhaldande.

Historiene tek ofte utgangspunkt i kultur, men naturfenomen kan òg vere aktuelle å trekke inn.

Film: Samisk skapingssoge

Ein god historieforteljar tek deg med inn i historia og gjer ho levande. Derfor er historieforteljing ein flott måte å engasjere turistane på, og gi dei gode og lærerike reiselivsopplevingar. I filmen under (lengde 6:25) kan du høyre eit døme på ei samisk skapingssoge.

Video: News On Request AS / Avgrensa gjenbruk

Historiske og kulturelle temaparkar

Historiske og kulturelle temaparkar er populære turistattraksjonar. Her blir det formidla ulike historier, til dømes om korleis dei levde i vikingtida, eller om kulturarven etter Kjell Aukrust. Han kjenner du kanskje som mannen bak Flåklypa.

For slike temaparkar er det viktig å skape ei tidsriktig og autentisk stemning som trekker folk inn i historieforteljinga. Turistar skal få sjå, oppleve og delta aktivt. Parkane tilbyr derfor ulike aktivitetar som passar inn i temaet.

I Gudvangen, ei lita bygd inst i den Unesco-beskytta Nærøyfjorden, kan du besøke vikingbyen Njardarheim. Her kan du høyre historier om vikingane, smake vikingmat og få innblikk i korleis vikingane budde og levde. Du kan òg lære øksekasting, bogeskyting og vikingleikar.

Les meir om vikingbyen Njardarheim

Her finn du informasjon om vikingvalley.no.

Historiske spel

I Noreg har vi lang tradisjon for historiske spel. Slike spel fortel om ei historisk hending og går gjerne føre seg som utandørs teater. Eit døme er det kjende "Spelet om Heilag Olav" på Stiklestad i Trøndelag.

Les meir om historiske spel

meir informasjon om historiske spel på kalenderen for Norske Historiske Spel. Vel årets spelsesong og klikk deg inn på kvart spel for å finne meir informasjon.

Kjelder

Pedersen, A.J. (2014). "Hvordan skaper vi meningsfylte opplevelser?" Del av doktorgradsavhandling. Nord Universitet. https://www.statsforvalteren.no/siteassets/fm-nordland/dokument-fmno/landbruk-og-mat-dokumenter/gront-reiseliv-dokumenter/ahh-innlegg-pa-avslutningskonferansen-16-mars-2016.pdf

Norsk Reiseliv. Norwegian Tourism Partner. (u.å.). Innspill fra Norsk Reiseliv til regjeringens nye strategi for kultur og reiseliv. https://norsk-reiseliv.no/innspill-fra-norsk-reiseliv-til-regjeringens-nye-strategi-for-kultur-og-reiseliv/

Visit Norway. (u.å.) Besøk et mer bærekraftig reisemål. https://www.visitnorway.no/planlegg-reisen/gronn-norgesferie/barekraftig-reiseliv/

Mossberg, L. (2007). Extraordinära upplevelser genom storytelling. Magma. https://old.magma.no/extraordinra-upplevelser-genom-storytelling

Innovative opplevelser. (2011). 8 eksempler på prising av gåsehud. Innovative Opplevelser. https://www.innovativeopplevelser.no/docs/Pdf%20filer%20kunnskapshefter/8_eksempler_pa_prising_av_GASEHUD.pdf

Relatert innhald

Skrive av Cathrine Meyer Johansen og Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 06.02.2026