Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Korleis skape opplevingar i norsk og samisk kultur?

Oppgåve

Bli ein opplevingsvert med Airbnb!

Airbnb er eit selskap som driv ein nettbasert marknadsplass for overnatting der folk kan leige ut heile eller delar av heimen sin. Men visste du at dei òg formidlar andre tenester, som du kan tene pengar på?

Oppgåve i grupper

  1. Les korleis de kan bli vertskap for ei oppleving på Airbnb.

  2. Diskuter kva for aktivitetar de elskar, og som de kunne ha tenkt dykk å tilby på Airbnb. Det kan vere aktivitetar eller opplevingar som krev personleg oppmøte, eller som er nettbaserte.

  3. Bli einige om ein aktivitet eller ei oppleving.

  4. Lag ein plan for korleis den valde aktiviteten eller opplevinga kan bli ei reiselivsoppleving for andre. Planen må innehalde ei skildring av

    • temaet for opplevinga

    • kvalitetsstandardar for opplevinga

    Temaet kan til dømes vere natur, camping, dyr, kunst, kultur, sightseeing, sport, matlaging, matsafari, underhaldning eller noko anna. Kvalitetsstandardane skal beskrive ekspertisen dykkar, kva for nokre lokale sider ved aktiviteten dykkar som gir ei unik oppleving, og korleis de får deltakarane til å kjenne seg velkomne og trygge.

  5. Lag ein presentasjon av forslaget dykkar. Hald presentasjonen for klassen og få tilbakemeldingar.

  6. Reflekter i fellesskap over fordelar og ulemper med sjølvstendige vertar for ulike aktivitetar og opplevingar i reiselivstilbodet. Ville de sjølv ha nytta dykk av eit slikt tilbod?


Ressursar for opplevingsvertar, airbnb.no
Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 05.02.2026