Russian twist - Kroppsøving (vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Russian twist

Ved bruk av medisinball i treninga får du ei ekstra vektbelastning som gjer øvingane meir krevjande, og som stiller større krav til kjernemuskulaturen.

I denne øvinga trener du den rette og den skrå magemuskelen i tillegg til magens tverrmuskel. Du trener óg hofteleddsbøyaren.

Video: Tor Segelcke / CC BY-NC-SA 4.0

Utføring

I denne øvinga skal du sitje på rumpa på ei matte, med løfta bein og lett bøygde kne. Hald medisinballen med strake armar framom deg. Ryggen skal vere rett, hugs å aktivere kjernemuskulaturen i mage og rygg. Før medisinballen frå høgre til venstre side av kroppen, annankvar gong.

Skrive av Tor Segelcke og Cathrine Dunker Furuly. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 15.06.2020