Veiledning
Bulgarsk utfall med fitnessball
Ein fitnessball gjer at du får eit ustabilt underlag å trene på. Dette utfordrar dermed både balanse og styrke, og det stiller større krav til kjernemuskulaturen.
I denne øvinga trener du balanse og styrke i den firehovda knestrekkaren og i setemuskulaturen.
Her skal du stå med eitt bein på gulvet og det andre beinet på fitnessballen. Jo større avstanden er mellom beina, jo tyngre er øvinga. Bøy kneet på det fremste beinet, og senk rumpa så langt ned mot golvet som du klarer. Ryggen skal vere oppreist både i den eksentriske og den konsentriske fasen. Hugs å ha kne over tå gjennom heile øvinga.