Spørsmål om databasar og datamodellering - Konseptutvikling og programmering (IM-IKM vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Spørsmål om databasar og datamodellering

Når du har gått gjennom emnet databasar, skal du kunne svare på desse spørsmåla.
  1. Kva betyr data og metadata?
  2. Kva er definisjonen på ein database?
  3. Kvifor er det viktig å angi datatypar i ein database?
  4. Kva datatype ville du brukt på desse felta:

    1. kundenummer
    2. E-post
    3. fødselsår
    4. telefonnummer
  5. Kva er eit databasehandteringssystem?
  6. Forklar omgrepa primærnøkkel, kandidatnøkkel, framandnøkkel og surrogatnøkkel
  7. Kva er kardinalitet?
  8. Kva skjer med datamodellen når du opprettar ein mange-til-mange-relasjon?

Ekstraoppgåver

  1. Kan du nemne fem databasar der det er lagra informasjon om deg?
  2. Kva betyr dataintegritet?
  3. Kva er Nosql-databasar?
  4. Kva står ER for i ER-diagram?
Skrive av Karl Arne Dalsaune.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2020