Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Databaseoppgåve: Novellekonkurranse

I samband med ein novellekonkurranse treng ei avis ein database med info om deltakarane i konkurransen og novellene deira. Du skal lage ein modell for denne databasen i MySQL Workbench. Kva må du tenke på før du set i gang?

Novellekonkurransen

Ei avis skal ha ein novellekonkurranse der dei vil at ungdommar skal sende inn noveller med tema frå dei tre tverrfaglege temaa i skulen (folkehelse og livsmestring, demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling).

Dei ønsker å setje opp ei nettside der skuleelevar kan opprette ein brukarkonto og laste opp novellene sine. Kvar brukar skal ha ein profil med eit bilete og litt informasjon om seg sjølv. Det skal vere mogleg for ein brukar å laste opp fleire noveller. Kvar novelle skal vere knytt til eitt av dei tre tverrfaglege temaa.

All informasjon om brukarar og noveller skal hentast inn frå ein database.

Du skal lage ein datamodell for denne databasen. Bruk MySQL Workbench.

Hint


  • Kva tabellar treng du for å kunne legge inn all nødvendig informasjon?
  • Kva felt treng du å legge inn i kvar tabell?
  • Kva skal du ha som primærnøklar? Er nokon av felta kandidatnøklar, eller må du lage surrogatnøklar?
  • Er det noko informasjon som må skiljast ut i ein eigen tabell?
  • Korleis skal tabellane vere kopla til kvarandre?
Skrive av Karl Arne Dalsaune.
Sist oppdatert 23.10.2020