Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Legge inn data i ein database

Når du har laga ein datamodell i MySQL Workbench, kan du teste ut databasen ved å legge inn data i han. Dette er nyttig for å sjå om modellen du har laga, faktisk kan brukast til å lagre dataa som skal inn i han.

Korleis legge inn data i relaterte tabellar

Vi tek utgangspunkt i datamodellen bileigar–bil, som vi har brukt tidlegare. Når du skal legge inn data i denne databasen, må du sjå på relasjonen mellom dei to tabellane. Relasjonen her er ein éin-til-mange-relasjon, og tabellen "Bil" har framandnøkkelen Bileigar_PersonID. Denne framandnøkkelen er kopla til primærnøkkelen PersonID i tabellen "Bileigar". Det vil seie at når du skal legge inn data i dette feltet, må det finnast eit eksisterande objekt (ein person) i "Bileigar"-tabellen med tilsvarande person-ID som du legg inn i dette feltet. Kort sagt: Du må legge inn bileigaren før du legg inn bilen.

For å legge inn data i ein tabell, dobbeltklikkar du på tabellen for å få opp tabelleigenskapane og klikkar på "Inserts" på linja nedst.

Her legg du inn dataa som skal inn i tabellen under riktig kolonne. Du kan legge inn så mange du treng. Når du er ferdig, trykker du på knappen med ei grøn hake ved teksten Apply changes for å lagre.

Når du har lagt inn nokre personar, kan du legge inn bilar. Her må du passe på å legge inn ID-nummer i kolonnen Bileigar_PersonID som svarer til ID-nummer i PersonID i tabellen "Bileigar".

Skrive av Karl Arne Dalsaune.
Sist oppdatert 23.10.2020