Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Klar, ferdig, kreativ

Skal de lage eit spennande medieprodukt, må de ha ein god idé. Korleis kan vi skape og utvikle idéar på bestilling?

Kreativitet og idémyldring i mediebransjen

Alle som jobbar i mediebransjen, må kunne utvikle nye, kreative måtar å kommunisere på. Det gjeld både journalistar, reklamefotografar, grafiske designarar, filmskaparar, spelutviklarar og webdesignarar. Ein god idé ligg som regel til grunn for medieuttrykk som eit publikum vil bruke tid og merksemd på.

Kreativ idéutvikling står sentralt i medieproduksjonar. Det inneber at de er kreative på bestilling, og de må vere kreative sjølv på kjedelege dagar. I ein medieproduksjon er halve jobben å hente fram og sortere ut gode idéar på ein systematisk måte.

1. Utforsking

Det første de må gjere når de får eit oppdrag, er å utforske og gjere research. I denne fasen er det viktig å sikre seg mest mogleg informasjon. Målet er å ende opp med ei enkel formulert problemstilling eller leiesetning.

Film: Klar, ferdig kreativ – fase 1

I filmen under (lengde 2:41) møter vi illustratøren Daniel Dahn, journalisten Mari Svenning og reklamefilmskaparen Magnus Skatvold som fortel om korleis dei jobbar i utforskingsfasen.

Video: Martin Aune Walther, Daniel Almli / CC BY-NC-SA 4.0

Utforsk og finn ut

  • Kva er viktig for oppdragsgivaren?

  • Kva er formålet for kommunikasjonen?

  • Kva historie skal de fortelje?

  • Kva argument skal de bruke?

  • Kven er i målgruppa?

  • Korleis når de målgruppa?

  • Kva verkemiddel kan det vere lurt å bruke?

  • Kva problemstilling eller leiesetning har de enda opp med?

2. Idémyldring

Når de veit noko om kva de skal lage, og kva som er målet til oppdragsgivaren, er det klart for å gå i gang med ei ellevill idémyldring. For å klare å gjere det på kommando er det viktig å kjenne til ulike teknikkar for idéutvikling. Målet er ende opp med så mange idéar som mogleg.

Film: Klar, ferdig, kreativ – fase 2

Sjå filmen under om idémyldring (lengde 3:12).

Video: Martin Aune Walther, Daniel Almli / CC BY-NC-SA 4.0

Tips og trening

Kreativitet er som ein muskel; han blir sterkare jo meir ein trener, så øv på å vere kreativ. Her er nokre tips i idémyldringsfasen:

  • Set hjernen i frigir: Alt er lov! Si "ja" og "så" i staden for å seie "nei" eller "men".

  • Ha alltid skisseboka med.

  • Bruk idéskapingsverktøy.

  • Bruk penn og papir, ikkje datamaskin.

  • Jobb saman.
  • Jobb på ein annan stad enn der de vanlegvis jobbar; kom dykk ut!

Hugs at idémyldring er ein prosess. Løyser det seg ikkje på dagen, kan det plutseleg dukke opp idéar når ein minst ventar det.

3. Sortering / kill your darlings

I den tredje fasen handlar det om å rydde opp i idéarbeidet. Her må de tenke over innsikta de har skaffa dykk i fase éin, og setje henne i samanheng med idéane som har komme fram i fase to. Gode idéar som ikkje tener formålet, må de legge bort. Målet er å ende opp med éin konkret idé de ønsker å satse på.

Film: Klar, ferdig, kreativ – fase 3

Rydd opp i idéarbeidet. Få inspirasjon i filmen under (lengde 3:25).

Video: Martin Aune Walther, Daniel Almli / CC BY-NC-SA 4.0

Den beste idéen

  • Kva problemstilling enda dykk opp med i fase éin?

  • Kva for nokre av idéane frå fase to kan faktisk løyse problemet?

4. Set saman idéen og presenter

Når de er trygge på at de har ein idé som hjelper oppdragsgivaren med å nå målet, er det på tide å setje saman idéen. Lag ein pitsj, ein synopsis, eit storyboard, ein pilot eller ei prosjektskisse som gir eit tydeleg bilete av kva som skal lagast. Både oppdragsgivaren og dei som skal vere med i produksjonen, må kunne sjå for seg det ferdige resultatet. Målet er å vise korleis medieproduktet skal bli eller vil fungere.

Film: Klar, ferdig, kreativ – fase 4

Filmen under (lengde 4:34) handlar om å presente idéen.

Video: Martin Aune Walther, Daniel Almli / CC BY-NC-SA 4.0

Presentasjon

  • Har de idéen klart for dykk?

  • Klarer de å presentere han slik at andre forstår han?

  • Har de trua sjølve, er det òg lettare å overtyde andre.

Skrive av Ragnhild Risholt Kleppe og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 17.08.2026