Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Idéutvikling i tekstar

Idéfasen, det du gjer før du byrjar å skrive på sjølve teksten, er kanskje den viktigaste arbeidsfasen. Det gjeld alle teksttypar og sjangrar, men ikkje minst når du skal skrive kreative sjangrar som essay.

Forarbeidet er viktig

I teksttypar og sjangrar der du skal ta for deg eit tema frå fleire ulike innfallsvinklar, er det lurt å bruke eigne tankar og assosiasjonar, men også andre kjelder for å finne informasjon og inspirasjon. Jo meir du gjer ut av dette forarbeidet, dess enklare er det å få idéar til korleis du kan skrive om temaet.

Det er viktig at du i denne idéfasen skriv ned alle tankane, innspela og informasjonen som stikkord, utan å avgrense kva som skal med. Alt er relevant i denne fasen. Det er først når du skal byrje å strukturere og skrive teksten din at du skal velje ut kva du vil bruke.

Følg stega i ein idéutviklingsprosess

  • Du kan skrive rett inn i skriveboksane i denne malen.
  • Når du er ferdig med øvinga, eksporterer du heilt enkelt det du har skrive til eit tekstbehandlingsprogram, og så lagrar du teksten på din eigen pc.

Tips!

Bruk ein praterobot som sparringspartnar mellom steg 3 og 4. Lim inn det du har skrive så langt og be om innspel.

Døme på instruks

Eg skal skrive essay om *tema* og har foreløpig følgande stikkord og assosiasjonar: *skriv inn notata dine*. Kva anna kan eg ta med? Ikkje foreslå tekst og ferdigskrivne avsnitt.

Skrive av Marthe Johanne Moe, Lene Lie og Majken Boysen.
Sist oppdatert 26.11.2025