Praksisbedrifta og servicerolla
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.
I videoen fortel Katarina Lalander Hamnes, som er spesialist på service, om bedrifter som etter hennar meining har lykkast med å gi god kundeservice. Du skal i oppgåva utforske korleis praksisbedrifta di utøver kundeservice.
Oppgåve
Sjå videoen, og noter kva som det blir sagt er god kundeservice.
Undersøk i praksisbedrifta om dei har skriftlege retningslinjer for god kundeservice.
Observer korleis tilsette i praksisbedrifta utøver servicerolla.
Samanlikn punkta dine under spørsmål 1 med det du fann ut i spørsmål 2 og 3.
Lag ditt eige forslag til retningslinjer for god service, og foreslå tiltak for kva ei bedrift kan gjere for å forbetre kompetansen om, og utøvinga av, service blant dei tilsette.