Mystery shopper
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Oppgåve
Du skal skrive ein rapport om samhandlinga mellom kundar og salsmedarbeidarar i to butikkar.
Du kan innleie rapporten med å beskrive teorien om service og dei tre servicetypane: materiell service, systemservice og personleg service. Illustrer med bilete frå butikkane du er i, for å understreke det du skriv om i teksten. Du må alltid spørje beteninga i butikken om du får lov til å ta bilete av interiøret og eventuelt beteninga.
Rapporten skal beskrive og samanlikne dei tre formene for interaktiv marknadsføring i to butikkar.
Lag eit skjema med følgjande punkt: dårleg, middels og bra.
Materiell service, ytre faktorar
Korleis verkar butikken og personalet? Det første kunden legg merke til, er
- om det er ryddig i butikken
- om butikken er reingjort og vedlikehalden
- klesdrakta til dei som jobbar der
- kva skilt og plakatar som er i butikken
- vareplasseringa
Systemservice, rutinar og system
Så kan du vurdere følgjande tre punkt:
- vareutvalet (er det til dømes mykje som er utselt?)
- ventetida for å bli ekspedert
- bemanninga
Personleg service, "sanningas augneblink" og menneskekunnskap
Her kan du sjå på
- korleis beteninga helsar på kunden
- produktkunnskapen til beteninga
- om beteninga lukkast med å forstå kunden sitt behov
- kroppsspråket til beteninga
- salsavslutninga
Relatert innhald
Kundekontakt, eller samhandling mellom deg som salsmedarbeidar og kunden, kallar vi interaktiv marknadsføring. Vi skal lære meir om det her.