Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Film

Konflikthandtering i vektaryrket

Korleis bør du handtere konfliktar? Med utgangspunkt i to filmsnuttar skal de diskutere konflikthandtering i vektaryrket.

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Oppgåve 1

Sjå filmen

Filmen nedanfor (lengde: 00:42) handlar om ein vektar som handterer ein full person.

Kort samandrag av filmen

Ein rusa mann kjem gåande mot ein vektar og mistar ein ølboks på bakken. Vektaren ser overraska på mannen og seier: "Går det bra, eller, kompis?" Mannen svarer: "Veit du kva, det skal du drite i, trur eg." Mannen verkar forvirra, og vektaren rører mannen vennleg på armen og seier: "Eg trur kanskje du skal heim og slappe av litt, eg." Den rusa mannen hissar seg opp, kastar seg så ned på bakken og roper: "Vald, vald! Skal eg ringe advokaten min, eller? Hæ? No er du ferdig!"

Diskusjonsspørsmål

  1. Kvifor oppstår det ein konflikt her?

  2. Kva synest de om måten vektaren har handtert situasjonen på?

  3. Vel kva modell for konflikthandtering frå artikkelen "Konflikttrappa og modellar for konflikthandtering" de ville ha brukt i denne situasjonen. Grunngi valet.

Oppgåve 2

Sjå filmen

Sjå den humoristiske filmen nedanfor (lengde 03:28) med Herman Flesvig i rolla som vektaren Kim Johansen.

Beskriving av filmen

Vektaren Kim Johansen (spelt av skodespelar Herman Flesvig) står utanfor Nasjonalmuseet – Arkitektur. Han seier at det er viktig med kvalifiserte vektarar i denne typen arbeid og viser mellom anna til at han har gult belte i judo, mens han illustrerer med nokre judo-bevegelsar med armane og fortel at han driv med fleire typar kampsport.

Vidare fortel han at i utgangspunktet er jobben hans å opne døra. Vektaren seier at han ikkje treng gult belte i judo for å opne ei dør, men presiserer at om det kjem ein fyr som er "keen på å lage kvalm", er det fint med ein "double leg take down" eller ein "headlock", som han uttrykker det.

Vi følger vektaren inn i det han kallar "kommandosentralen", med overvakingsskjermar og anna utstyr. Han fortel at det blir lagt vekt på openheit i jobben hans, og at han har vore med på jobbkurs om temaet. Men når vektaren demonstrerer openheit ved hjelp av eit kampsport-grep, ser vi at han har misforstått poenget.

I neste sekvens kjem ein besøkande inn på museet, og vektaren stoppar han. Mannen seier at han ikkje har gjort noko gale, men vektaren meiner at det er like før. Han kroppsvisiterer mannen, som protesterer. Mannen får lov til å komme inn på museet på eitt vilkår: Han må ta på seg eit straumband som vektaren har lånt av ein kompis. Kompisen har brukt det til hunden sin.

Vektaren fortel til kameraet at han kjem frå ein heim med ein far som ikkje var så grei, og at han ikkje kom inn på Politihøgskolen. Han seier han ikkje er bitter, og at han ikkje har blitt vektar for å ta igjen, men det er ikkje samsvar mellom det han seier og det han uttrykker gjennom veremåte og kroppsspråk.

På overvakingsskjermen ser vi at straumbandet som den besøkande har fått på seg, henger seg opp når vektaren trykker på knappen, og den besøkande får støyt i halsregionen gong på gong.

På ein annan skjerm ser vektaren ei due på trappa og mistenker at det er ein drone. Vi ser òg på ein skjerm at den besøkande mannen med straumbandet fell om og tek seg til halsen. Vektaren oppdagar at han har sete på knappen til straumbandet, og spring ned til mannen. Til slutt i filmen prøver han å stoppe filminga ved å halde noko framfor kameraet.

Diskusjonsspørsmål

  1. Er vektaren i filmen – ut frå kva de ser i introen – rett person på rett plass for å førebygge konfliktar på Nasjonalmuseet? Grunngi.

  2. Har Kim ein personlegdom som er samsvarande med å vere vektar? Grunngi.

  3. Forklar korleis åtferda til Kim eskalerer konflikten.

  4. Korleis burde Kim handtert situasjonen?

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 13.12.2021