Fun Factory
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.
Fun Factory er ein kortfilm frå 2019, regissert av Lisa Brooke Hansen og Even Hafnor. I filmen møter vi eit par som tek opp problem etter å ha vore vitne til ein konflikt i eit leikeland.
Oppgåve
Sjå kortfilmen, og beskriv og reflekter over korleis kulturelle og sosiale faktorar påverkar kommunikasjonen mellom
- dei to kundane og den tilsette
- ekteparet
- mannen og dei to kundane
Kva er det som gjer at kommunikasjonen ikkje fungerer i dei tre kommunikasjonssituasjonane?
Kva kunne personane gjort for å få til betre kommunikasjon?
Relatert innhald
Verdsbilete, menneskesyn og kommunikasjonsstilar kan variere i ulike kulturelle fellesskap. Dette påverkar korleis vi tolkar og skaper meining.
Korleis kan sosiale faktorar som kjønn, alder, utdanning og status påverke korleis vi kommuniserer med andre?