Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Refleksjonsoppgåve kultur – Skriv saman!

Kva tenker du på når du høyrer ordet "kultur"?

Oppgåve

Denne oppgåva er ei gruppe-/klasseoppgåve, men kan òg løysast individuelt.

Del 1

Først skriv kvar enkelt elev ned kva dei assosierer med ordet "kultur" på eit eige notat, i stikkordsform.

Læraren eller ein elev i klassen/gruppa oppretter ei side for samskriving. Bruk gjerne Samtavla, som er ei felles digital tavle for deling av bidrag. Les artikkelen "Innføring i Samtavla" for å få vite korleis de skal gå fram. Etterpå samlar de alle assosiasjonane frå Samtavla på vanleg tavle.

Del 2

Forsøk å plassere det de har skrive på tavla under følgande bolkar:

  • kunstuttrykk (musikk, teater, maleri/skulpturar, film, dans og liknande)
  • aktivitetar
  • idéar, meiningar, verdiar, normer, reglar
  • måtar å leve på
  • fysiske objekt

Del 3

Prøv å lage ein felles definisjon av kva ordet "kultur" betyr, ut frå kva de har komme fram til gjennom punkta ovanfor.

De kan lagre resultatet av oppgåva som eit notat eller eit bilete.

Skrive av Kristin Sundstrøm.
Sist oppdatert 17.06.2019