Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Private helsetenester

Det norske helsevesenet består av både offentlege og private helsetenester. Private helsetenester utgjer eit supplement til dei offentlege helsetenestene og blir drivne av private aktørar.

Kva er private helsetenester?

Den offentlege helsetenesta blir driven av staten, regionale helseføretak, fylkeskommunar og kommunar, mens dei private helsetenestene er eigde og blir styrte av bedrifter eller privatpersonar. Private aktørar får inntektene sine ved å selje helsetenester, og dei tilbyr ofte meir fleksible opningstider og kortare ventetider for planlagde undersøkingar og behandling enn dei offentlege behandlingsstadene.

I motsetning til det offentlege helsevesenet kan private aktørar sjølve velje kva behandlingar dei tilbyr. Det betyr at mens primær- og spesialisthelsetenesta har ansvar for alle pasientgrupper, heile døgnet, så er dei private behandlingsstadene ofte spesialiserte innan utvalde område, til dømes biletdiagnostikk, auge- eller hjartesjukdommar, ortopedi og laboratorietenester. Slik kan private helsetenester avlaste det offentlege helsevesenet ved å tilby kortare ventelister og raskare behandling.

Private behandlingstilbod er sentrale innan psykisk helsevern for vaksne og innan rusbehandling. I dei fleste kommunar finst legar, fysioterapeutar og psykologar som vel å arbeide som privatpraktiserande i staden for å jobbe i det offentlege helsevesenet. I nokre delar av landet er det i tillegg private helsestasjonar, sjukeheimar og heimetenester. Private aktørar tilbyr òg helsetenester som ikkje blir dekte av det offentlege helsevesenet, til dømes ulike kosmetiske behandlingar som ikkje er medisinsk nødvendige.

Offentleg bruk av private helsetenester

Kommunane kan kjøpe helsetenester av private aktørar til innbyggarane sine, og helseføretak kan inngå avtalar om kjøp av tenester av private for å redusere ventetider for ulike undersøkingar og behandlingar. I slike tilfelle betaler pasientane berre eigendel for helsetenestene, på same måte som ved bruk av offentlege helsetenester.

Privat bruk av private helsetenester

For pasientar som sjølve vel å nytte seg av private helsetenester utan tilvising frå fastlegen, er kostnadene vanlegvis høgare enn for offentlege helsetenester. Hovuddelen av kostnadene for private helsetenester blir dekt av pasientar som er villige til å betale for dette sjølve, i staden for å nytte seg av offentlege helsetenester, eller som har ei forsikringsordning som dekker dette. Slike forsikringar er ofte betalte av arbeidsgivaren som ein del av lønns- og arbeidsvilkåra.

Apotektenester

Dei fleste apotek i Noreg er drivne av private aktørar. Heile 90 prosent er medlemmer av dei store apotekkjedene, men det finst òg nokre frittståande apotek som ikkje er knytte til kjedene. Sjukehusapoteka er eigde av dei regionale helseføretaka, som igjen er eigde av staten.

Tannhelsetenester

Tannhelsetenesta i Noreg består av ein offentleg og ein privat del. Den offentlege tannhelsetenesta prioriterer å gi tilbod til utvalde grupper som barn og unge, personar med spesielle behov og andre prioriterte grupper.

Dei fleste vaksne får tannbehandling hos private tannklinikkar. Den private tannhelsetenesta utfører òg behandlingar som gir stønad frå folketrygda, til dømes tannregulering for barn og unge og behandling ved sjukdom eller skade i munnhola.

Regulering av private helsetenester

Private helsetenester må følge dei same lovene og forskriftene som den offentlege helsetenesta. Det vil seie at dei må oppfylle same krav til kvalitet når det gjeld dokumentasjon, journalføring og fagleg forsvarlegheit. Private helsetenester er underlagde tilsyn frå statsforvaltaren, Helsetilsynet og Direktoratet for medisinske produkt (tidlegare Statens legemiddelverk). Tilsyna kan vere planlagde eller umeldte.

På same måte som i den offentlege helsetenesta blir det stilt krav til kompetanse for helsepersonell som jobbar i private helsetenester. Helsepersonell som utfører helsefaglege oppgåver, må ha autorisasjon eller lisens frå Helsedirektoratet.

Utfordringar til deg

  1. Kva for nokre private helseaktørar kjenner du til?

  2. På kva måte kan private helsetenester påverke mogelegheitene pasientane har til å få utført planlagde undersøkingar og behandling?

  3. Korleis påverkar økonomi kven som kan velje private helsetenester, og kva ulikskapar kan det medføre?

  4. Bør Noreg satse meir eller mindre på private helsetenester? Diskuter i par og grunngi svaret dykkar.

Kjelder

Apotekforeningen. (u.å.). De ulike apotektypene i Norge. Henta 10. desember 2025 frå https://www.apotek.no/statistikk/apotekstatistikk/apotek/apotektyper

Helse Sør-Øst. (2025, 9. oktober). Avtaler med private. https://www.helse-sorost.no/helsefaglig/samarbeid/avtaler-med-private/

Pedersen, M., Kalseth, B., Lilleeng, S. E., Mehus, K. H., Pedersen, P. B. & Sitter, M. (2016). Private aktører i spesialisthelsetjenesten: Omfang og utvikling 2010–2014 (IS-2450). Helsedirektoratet. https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/private-aktorer-i-spesialisthelsetjenesten-omfang-og-utvikling-2010-2014/Private%20akt%C3%B8rer%20i%20spesialisthelsetjenesten.%20Omfang%20og%20utvikling%202010-2014.pdf

Relatert innhald

Kostnader for helsetenester

Kostnader for helsetenester varierer avhengig av behandling, om du bruker privat eller offentleg tilbod, og om eigendelar blir dekt av frikortordninga.

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen, Vigdis Haugan og Aleksandra Krogh.
Sist oppdatert 17.12.2025