Informere om ulike helsetenester

1. Undersøk rett til val av behandlingsstad
I Noreg har du rett til å velje behandlingsstad. Du skal no gå inn på nettstaden Helsenorge (det er ikkje nødvendig å logge inn). Vel meny-knappen oppe til venstre ved sida av logoen, vel deretter Tjenester og til slutt Velg behandlingssted. Vil du ha meir informasjon om val av behandlingsstad, kan du trykke på spørsmålsteiknet.
Finn ventetider på behandling som du sjølv vel (til dømes kirurgiske inngrep, hjartesjukdommar, psykisk helse vaksen).
Undersøk og noter det følgande:
namn på behandlinga du har valt
tre behandlingsstader som tilbyr denne behandlinga
ventetid for kvar av behandlingsstadene
kva helseføretak behandlingsstadene høyrer til
korleis du kan filtrere søket
om det finst private aktørar med avtale for den behandlinga du har valt
Korleis kan denne informasjonen hjelpe pasientar med å ta eit val?
Bruk Helsenorge si side om val av behandlingsstad for å finne ut korleis pasientane kan nytte seg av retten til fritt val av behandlingsstad. Kva kan vere utfordringar for pasientar når dei skal velje behandlingsstad?
Korleis trur du at retten pasienten har til val av behandlingsstad, påverkar mogelegheitene pasienten har til å få helsehjelp?
Kva kan vere positivt ved at pasientar sjølve kan velje behandlingsstad, og kva utfordringar kan det ha?
2. Kartlegg private tilbod
Utforsk private helsetenester i nærområdet ditt som ikkje blir det dekte av offentlege. Døme kan vere augelegar, hudlegar, fysioterapeutar, psykologar og så vidare.
Vel ei spesifikk behandling eller undersøking du vil undersøke.
Bruk internett for å finne fleire private aktørar som tilbyr denne helsetenesta.
Undersøk informasjonen på nettsidene. Sjekk til dømes
pris
kva behandlarar i nærområdet ditt som utfører tenesta
om du finn meir informasjon om sjølve behandlinga eller undersøkinga
eventuell informasjon om ventetid
Samanlikn informasjonen frå ulike aktørar, og vel den private aktøren du ville brukt.
Diskuter valet ditt med ein annan elev. Grunngi kvifor du har valt akkurat denne aktøren.