Fagstoff
Interaktivt innhald
Medisinske namn på organa til kroppen
Dei medisinske omgrepa for organa til kroppen stammar opphavleg frå språka latin og gresk. I nokre tilfelle blir både latinsk og gresk namn brukte på same organ. I denne interaktive ressursen får du høve til å bli kjend med medisinske namn på organa og kroppsdelane til kroppen.
Organa i kroppen
Opne dei interaktive organsystema i fullskjerm. Bruk musepeikaren eller tastaturet til å navigerer rundt på dei ulike kroppane. Gå inn i dei ulike punkta for å gjere deg kjend med latinske og greske ord på organa og kroppsdelane til kroppen før du går vidare til oppgåvene under.
Utfordringar til deg
Kvifor trur du medisinske ord og uttrykk er stammar frå latin og gresk?
Kvifor kan det vere nyttig for deg som helseservicearbeidar å meistre grunnleggande medisinske ord og uttrykk? Grunngi svaret ditt.
Kva lærte du av denne aktiviteten som du trur du kan få bruk for i praksis eller i utdanningsløpet?