Medisinske ord og uttrykk

Kvifor bruker vi latin og gresk?
Mange medisinske ord har opphavet sitt i latin, dette gjeld særleg anatomiske nemningar og diagnosar. Døme er musculus som betyr "muskel" og cor som betyr "hjarte". Nokre omgrep stammar òg frå gresk, spesielt innan medisinske tilstandar og prosedyrar, som hypertension som betyr "høgt blodtrykk", og therapia som betyr "behandling". Denne kombinasjonen av latin og gresk gir fagspråket presisjon og gjer det forståeleg på tvers av landegrenser.
Medisinsk terminologi
Dei fleste yrkesgrupper har sitt eige fagspråk eller spesialiserte terminologi. Det er ei samling av ord og uttrykk som er spesifikke for eit bestemt fagfelt. Målet er å sikre at kommunikasjonen mellom fagfolk er tydeleg og forståeleg. Innan helsetenesta bruker vi medisinsk terminologi. Det er eit internasjonalt språk som blir brukt over heile verda. Sjølv om mange av dei medisinske uttrykka er tilpassa norsk, kan ein framleis kjenne att terminologien på tvers av landegrenser. Det gjer det mogleg for helsepersonell å jobbe i andre land.
Medisinsk terminologi blir mellom anna brukt i pasientjournalar, fagbøker og i kommunikasjon mellom kollegaer og samarbeidspartnarar. For yrkesgrupper som apotekteknikarar, helsesekretærar, portørar og tannhelsesekretærar er det derfor viktig å ha kunnskap om medisinsk terminologi.
Medisinske ord blir stadig meir vanleg i daglegtalen, mykje på grunn av auka tilgang til informasjon på internett, høgare utdanningsnivå og kommunikasjon over landegrenser. Når vi les artiklar, ser på tv eller søker på nettet, kjem ofte medisinske ord opp, som til dømes "infeksjon" og "prolaps". Infeksjon betyr at mikroorganismar gjer skade på slimhinner og vev, og at det oppstår ein betennelsesreaksjon. Prolaps betyr eigentleg framfall av indre organ som livmor eller urinblære, mens diskusprolaps betyr utgliding av mellomvirvelskiver i ryggrada. I daglegtalen blir gjerne ordet prolaps brukt når vi snakkar om at nokon har skiveutgliding i ryggen. Denne utviklinga gjer at fleire forstår medisinsk språk, men det kan òg føre til at faglege uttrykk blir brukt litt upresist i kvardagslege situasjonar.
Tenk over
Du blir sjuk og lagd inn på sjukehus i utlandet, og deretter skal du få behandling i Noreg. Kva kan konsekvensane vere dersom det ikkje er eit internasjonalt fagspråk?
Fagspråk og fagleg forsvarlegheit
For å unngå misforståingar må vi tilpasse fagspråket når vi snakkar med pasientar, kundar og pårørande. Det er viktig å formidle informasjon tydeleg, slik at pasienten forstår kva behandlinga inneber. Når du jobbar innan helseservice, er du som oftast tett på kundar og pasientar, og du kan bli beden om å forklare det legen har sagt, eventuelt lese gjennom ei epikrise frå sjukehuset og forklare. Då er det nyttig å ha god kjennskap til ulike medisinske ord og uttrykk.
Utfordringar til deg
Kva for nokon medisinske ord og uttrykk kjenner du til? Noter stikkord.
Kvifor er det viktig at du kan bruke medisinske ord og uttrykk?
I kva situasjonar kan det vere nødvendig å unngå å bruke medisinsk terminologi?