Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Medisinske forstavingar og endingar

Medisinske ord og uttrykk speler ei avgjerande rolle i helsevesenet fordi dei beskriv ulike tilstandar, prosedyrar og anatomiske plasseringar og strukturar. Ved å lære medisinske forstavingar og endingar får du ei betre forståing og betre kommunikasjon med pasientar og kundar.

Korleis er medisinske ord bygde opp?

Medisinske ord er ofte bygde opp av forstaving, ordstamme og ending. Dette gjer at du kan forstå omgrep for både oppbygginga til kroppen (anatomi), funksjon (fysiologi) og sjukdomslære (patologi). Når du arbeider på legekontor, apotek, sjukehus eller tannklinikk, må du lese i journalar og forstå ulike prosedyrar for å kunne vidareformidle og kommunisere kva som skal skje vidare, til pasientar og kundar.

Forstavingar

Forstavingar blir òg kalla prefiks, og dei blir brukte i starten av eit ord. Innan medisinsk fagterminologi seier prefikset noko om kvar på kroppen, kor mykje eller i kva retning i kroppen det er snakk om.

Nokre viktige forstavingar

hypo-
under eller mindre av. Døme: hypotensjon, som betyr lågt blodtrykk.
hyper-
over eller altfor mykje. Døme: hypertensjon, som betyr høgt blodtrykk.
pre-
før eller framfor. Døme: preoperativ, som betyr før operasjon.
post-
etter. Døme: postoperativ, som betyr etter operasjon.
per-
gjennom eller via. Døme: peroral, som betyr gjennom munn.
sub-
under. Døme: subkutan, som betyr under huda.
supra-
over eller ovanfor. Døme: suprarenal tumor, som betyr svulst over nyra.
peri-
rundt eller omkring: Døme: periodontitt, som betyr betennelse rundt tann.

Ordstamme

Ordstammen er sjølve basen i ordet og fortel oss kva stad i kroppen det handlar om. Nokre døme på ordstammar er derma som betyr hud, oral som betyr munn, myo som betyr muskel, og kardi som betyr hjarte. Slike ordstammar kan bli sette saman til nye ord, til dømes myokard – hjartemuskel.

Endingar

Endingar blir òg kalla suffiks, og dei blir sette til slutt i ordet. Suffiks fortel mellom anna kva som går føre seg, kva liding eller plaga ordet karakteriserer.

Døme på endingar

-itt eller -itis
inflammasjon eller betennelse. Døme: myokarditt, på engelsk myocarditis. Dette er ein betennelse i hjartemuskelen.
-logi
lære. Døme: nevrologi. Dette er eit medisinsk spesialfelt som handlar om sjukdommar i nervesystemet.
-osis eller -iasis
sjukdom. Døme psoriasis. Dette er ein kronisk hudsjukdom.

Utfordringar til deg

  1. Kjenner du til fleire medisinske ord og uttrykk som inneheld forstavingar og endingar? Noter stikkord.

  2. Kva er forskjellen i betydning mellom omgrepa "hypotensjon" og "hypertensjon"?

  3. Kvifor er det viktig at du har kunnskap om forstavingar og endingar?

Kjelder

Gjerstad, L., Dietrichs, E. & Olsen, T. K. (2025, 24. februar). Nevrologi. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/nevrologi

Langeland, T. (2025, 24. februar). Psoriasis. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/psoriasis

Nylund, M. F. (2009, 26. februar). Latinske og greske ord og utrykk. Tidsskrift for den Norske Legeforening 129, 437. https://doi.org/10.4045/tidsskr.09.0144

Nøkleby, K. A. (2004). Medisinske ord og uttrykk (2. utg.). Gyldendal undervisning.

Theil, R. (2025, 21. februar). Suffiks. I Store norske leksikon. https://snl.no/suffiks

Theil, R. (2025, 22. februar). Prefiks. I Store norske leksikon. https://snl.no/prefiks

Aabakken, L. & Søreide, K. (2025, 6. februar). Bukspyttkjertelbetennelse. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/bukspyttkjertelbetennelse

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen, Grethe Giæver Nilsen, Elin M. Rånes Gjøvikli og Therese Lindahl Carlsen.
Sist oppdatert 12.06.2025