Jobb med filmen Losing nobody

1. Før du ser filmen
Reflekter individuelt eller saman med ein medelev over desse spørsmåla:
Kva kjenneteiknar god helseservice?
Kva skal til for at du kjenner deg trygg i møte med helsepersonell?
Korleis kommuniserer du som helsepersonell for at pasientar skal kjenne seg trygge og godt varetekne?
2. Sjå filmen
Sjå kortfilmen Losing Nobody på bibliotektenesta Filmbib.
For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.
3. Spørsmål til filmen
Kva døme på ulike kommunikasjonsformer ser du? Noter stikkord.
Beskriv døme som viser gode relasjonsferdigheiter.
Drøft døme på kommunikasjon som kunne vore meir profesjonell.
Gi døme på god og dårleg helseservice.
4. Refleksjon etter filmen
Skriv eit kort refleksjonsnotat om viktigheita av psykologisk hjelp etter traumatiske hendingar.
Kvifor er det problematisk at kvinna i filmen må vente i tre månader før ho får hjelp? Diskuter kva som kunne vore gjort annleis.
Korleis ville du som helsepersonell ha kommunisert med Elise over telefonen?
Kva lovverk for helsepersonell kan du knyte til hendingane i filmen?
5. Rollespel
Gå saman i grupper på to eller tre elevar. Kvar gruppe skal lage eit rollespel som viser eit møte mellom Elise og helsepersonell.
Førebuingar
Skriv eit manus til rollespelet og fordel rollene i gruppa.
Legg vekt på følgande tema:
helseservice og profesjonell kunde- og pasientbehandling
kommunikasjon og relasjonsferdigheiter
omsorg og empati
korleis helsepersonell kan tilby rettleiing, støtte og hjelp
Gjennomføring
To og to grupper går saman. Den første gruppa framfører rollespelet, mens den andre observerer. Etterpå byter de.
Tilbakemelding og refleksjon
Etter gjennomføringane skal gruppene som samarbeidde, ha ein fagleg samtale der de gir tilbakemelding til kvarandre. Diskuter:
Korleis vart dei gitte temaa inkluderte og formidla i rollespelet?
Kva kan eventuelt forbetrast eller bli gjort annleis?
Korleis opplevdest det å vere i dei ulike rollene?
Kva læringsutbytte hadde de av gjennomføringa av
eige rollespel
observasjon av den andre gruppa
Relatert innhald
Kortfilm om Elise som opplever nok ein spontanabort.
Omsorg er å ta vare på og å bry seg om nokon. Service handlar om å tilby nokon ei teneste.