Korleis er helsevesenet organisert?

Del 1. Grunnstrukturen i helsetenesta
Bruk denne fagartikkelen og animasjonsfilmen om helsesektoren som grunnlag for å svare på oppgåvene.
Kva ansvar har staten for helsetenestene i Noreg?
Korleis blir oppgåvene fordelte mellom
Stortinget
Regjeringa
Helse- og omsorgsdepartementet
Statens helsetilsyn
Kva er oppgåvene til
Folkehelseinstituttet (FHI)
Helsedirektoratet
Korleis samarbeider FHI og Helsedirektoratet med Helse- og omsorgsdepartementet?
Kva tenester inngår i primærhelsetenesta, og kven har ansvaret for å tilby desse tenestene?
Korleis er spesialisthelsetenesta organisert, og kva typar helsetenester blir tilbodne på dette nivået?
Kva helsetenester og tilbod er ansvaret til fylkeskommunen?
Del 2. Illustrasjon
Bruk kunnskapen du har fått i del 1 av oppgåva, og lag ein illustrasjon som samanfattar korleis helsetenesta i Noreg er organisert.
Illustrasjonen skal vise dei ulike nivåa i helsevesenet. Start med staten øvst i hierarkiet, og arbeid deg deretter nedover i systemet. Bruk gjerne fargar, piler og symbol for å gjere strukturen og samanhengane tydelege.

Del 3. Caseoppgåver
Jobb i par. Vel éin av dei tre situasjonane nedanfor:
ein 72 år gammal mann som får brystsmerter heime
ei 16 år gammal jente fell og skader ankelen under trening på skulen
ei 45 år gammal kvinne opplever psykiske plager og går til fastlegen for hjelp
Oppgåver
Lag ei meir detaljert pasienthistorie basert på situasjonen de vel. Casen skal inkludere fleire helsetenester og forvaltningsnivå som pasient skal gå gjennom for å få nødvendig helsehjelp.
Deretter skal de lage ei punktvis oversikt som viser reisa til pasienten gjennom helsevesenet:
første kontakt
vidare undersøkingar/tilvisingar
behandling
oppfølging
Noter for kvart punkt kva nivå pasienten er innom.
Presenter casen for klassen, og diskuter deretter pasientreisa gjennom helsevesenet.