Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Omgrep for anatomi

Som helsepersonell er det viktig at du har god kunnskap om anatomi, altså oppbygginga av kroppen. Dette inneber at du må lære medisinsk terminologi knytt til oppbygginga av og organa i kroppen. Denne kunnskapen gir deg betre føresetnader for å forstå og bruke informasjon innan fagfeltet ditt.

Oppbygginga av kroppen på latin

For lenge sidan, heilt tilbake i oldtida, var det romarar og grekarar som studerte oppbygginga av kroppen. Dei var dei aller første som verkeleg prøvde å forstå korleis kroppen fungerer. Dei gav namn til kroppsdelane og organa basert på det dei såg og lærte. Gresk vart mykje brukt, for dei første legane og forskarane var grekarar. Eit døme er ordet thorax som betyr "brystkasse" og kjem frå gresk, der det betyr brystpanser, som krigarane brukte.

Seinare, då romarane tok over store delar av Europa, vart latin eit viktigare språk, og fleire ord og omgrep vart sette om. Derfor har vi ei blanding av gresk og latin i det medisinske fagspråket i dag. Helsepersonell over heile verda bruker dette for å få kommunikasjonen meir presis, då forstår vi kvarandre uansett morsmål.

Topografisk anatomi

Topografisk anatomi handlar om kvar organa og strukturane i kroppen ligg i forhold til kvarandre. Tenk på det som eit kart over kroppen, der vi ser korleis alt er plasserte og heng saman.

Kroppen blir delt i to like halvdelar på langs, det blir kalla sagittalplanet. Vi seier at organ som ligg litt ut på sida, ligg lateralt. Når dei ligg lenger inn mot midten, seier vi at dei ligg medialt. Til dømes ligg hjartet medialt, fordi det ligg nærare midtlinja av kroppen, mens nyra ligg lenger ut mot sidene, og derfor seier vi at dei ligg lateralt.

Når kroppsdelar ligg proksimalt, betyr det at dei ligg nærare sentrum av kroppen, og når dei er lenger frå sentrum av kroppen, ligg dei distalt. Kneet ligg proksimalt til ankelen, mens ankelen ligg distalt til kneet. Det betyr at kneet er nærare sentrum i kroppen enn ankelen, og ankelen er lenger frå sentrum av kroppen enn kneet er.

Kranial betyr at noko ligg nært hovudskallen, og kaudal betyr at det ligg nærare nedre del av kroppen.

Superior beskriv plasseringa av organ som høgare eller over, og inferior beskriv at organ ligg lågare eller under. Døme på dette er at hovudet er superior til hjartet, og hjartet er dermed òg inferior til hovudet.

Viktige omgrep

anterior
framfor
posterior
bak
inferior
under
superior
over
medial
mot midten
lateral
mot sida
proksimal
nær midtpunkt (sentrum)
distal
frå midtpunkt
kranial
opp "mot øvre del" (kraniet)
kaudal
ned "mot nedre del" (halen)
dexter
høgre
sinister
venstre

Kjelder

Helsepersonellova. (1999). Lov om helsepersonell (LOV-1999-07-02-64). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1999-07-02-64

Holck, P. (2023, 31. desember). Medisinens språk. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/medisinens_spr%C3%A5k

Holck, P. (2024, 26. november). Topografisk anatomi. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/topografisk_anatomi

Norsk helseinformatikk. (u.å.). Organer. Henta 2. mars 2025 frå https://nhi.no/kroppen-var/organer

Nylund, M. F. (2009, 26. februar). Latinske og greske ord og utrykk. Tidsskrift for den Norske Legeforening 129, 437. https://doi.org/10.4045/tidsskr.09.0144

Topografisk anatomi. (2025, 28. mars). I Store norske leksikon. https://snl.no/.theme/157


Skrive av Elin M. Rånes Gjøvikli, Kathrine Synnøve Karlsen, Grethe Giæver Nilsen og Therese Lindahl Carlsen.
Sist oppdatert 12.06.2025