Teieplikt for helsepersonell
Det er avgjerande for helsetenesta å få tilgang til nødvendige helseopplysningar for å kunne gi best mogleg helsehjelp. Teieplikta er viktig for at pasienten skal ha tillit til at opplysningar som blir gitt i samband med helsehjelp, ikkje blir nytta i andre samanhengar eller utleverte til uvedkommande. I tillegg til helseopplysningar omfattar teieplikta òg annan teiepliktig informasjon. Det kan til dømes vere opplysningar om sosiale relasjonar, smittsame sjukdommar, bruk av rusmiddel eller andre forhold som kan ha betyding for den medisinske behandlinga.
Teieplikta skal sikre at personlege opplysningar om pasienten ikkje kjem på avvegar. Teieplikta gjeld òg mellom helsepersonell. Det inneber at berre personell som deltek i behandlinga, får opplysningar som er nødvendige for helsehjelpa, og berre dersom pasienten ikkje motset seg at opplysningane blir delte. Pasienten må òg gi samtykket sitt til at du som helsepersonell kan gi opplysningar til pårørande.
Teieplikta gjeld for alle opplysningar du får kjennskap til i eigenskap av å vere helsepersonell, òg om dette er opplysningar du får på fritida. Teieplikta gjeld heile livet sjølv om du sluttar i jobben.
Teieplikta for helsepersonell er både aktiv og passiv. Passiv teieplikt betyr at helsepersonell må teie om pasientopplysningar og ikkje avsløre informasjon til uvedkommande. Den aktive teieplikta krev at helsepersonell tek nødvendige grep for å sikre at ingen uvedkommande får tilgang til sensitiv informasjon.
Døme på aktiv teieplikt
- Unngå synlege dokument
- Dokument som inneheld pasientopplysningar, som tilvisingar, epikriser eller hugselappar, skal ikkje ligge synlege på skrivebordet.
- Lukk døra
- Sørg for at døra er lukka under konsultasjonar, til dømes på lege- eller tannlegekontoret.
- Vis diskresjon i samtalar
- Tilpass stemmen, og unngå å snakke for høgt om sensitive opplysningar, særleg i opne område eller fellesområde.
- Beskytt elektroniske system
- Lås pc-skjermen når du går frå skrivepulten, og fjern utskrifter med pasientopplysningar frå skrivaren med ein gong.
I særlege tilfelle blir teieplikta oppheva av opplysnings- og meldingsplikt. I samsvar med smittevernlova er det unntak frå teieplikta for å forhindre spreiing av allmennfarlege smittsame sjukdommar, og meldeplikt til meldingssystemet for smittsame sjukdommar.
Som helsepersonell har du plikt til å varsle politi og brannvesen for å hindre alvorleg skade på personar eller eigedom. I tillegg skal du straks melde frå til barnevernstenesta
- ved mistanke om at eit barn blir eller vil bli utsett for alvorleg omsorgssvikt
- når det er grunn til å tru at eit barn ikkje får nødvendig helsehjelp
- dersom eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar eller misbruker rusmiddel
- ved mistanke om at eit barn er eller kan bli offer for menneskehandel
Utfordringar til deg
- Kvifor er det viktig at pasientar har tillit til at helsepersonell overheld teieplikta?
- Tenk over moglege situasjonar der ein pasient ikkje ønsker å gi opp nødvendige opplysningar om seg sjølv. Skriv ned stikkord om kva årsakene til dette kan vere, og diskuter med medelevar.
- Korleis kan du som helsepersonell gjere pasienten trygg på at teiepliktig informasjon ikkje kjem på avvegar? Diskuter i klassen.
Relatert innhald
Her skal vi sjå på kva som kan innehalde sensitive personopplysningar.