Hopp til innhald
Oppgave

Regelverk om teieplikt

Teieplikta for helsepersonell heng saman med retten pasienten har til personvern. Fleire av lovene som regulerer helse- og omsorgstenestene, har føresegner som handlar om teieplikta.

Individuelle oppgåver

Bruk fagartiklane i dette emnet og lenkene til dei ulike lovene for å finne svar på spørsmåla.

  1. Kva lover har føresegner om teieplikt for helsepersonell?
  2. Kva seier pasient- og brukarrettslova om personvern?
  3. For kven gjeld teieplikta ifølge helsepersonellova?
  4. Kva seier helse- og omsorgstenestelova om teieplikt for personell som ikkje yter helsehjelp?
  5. På kva måtar kan samtykke til deling av helseopplysningar bli gitt?
  6. Kva opplysingar blir omfatta av teieplikta?
  7. Kva seier lovverket om opplysningar du får kjennskap til utanom arbeidstid?
  8. Kor lenge varer teieplikta?
  9. Kva er straffa for brot på teieplikta?
  10. I kva situasjonar har du som helsepersonell opplysningsplikt og meldeplikt?

Gruppeoppgåve

Gå saman i grupper og lag eit rollespel eller ein film der de speler ein eller fleire av desse casane som er relevante for yrket du skal utdanne deg til, eller eigne erfaringar frå liknande situasjonar du har opplevd i praksis.

  1. Du er på kjøpesenteret saman med vener og får auge på ein av brukarane frå praksisstaden din. Brukaren verkar litt flau over å treffe deg, men seier hei, og du helser tilbake. Ein av venene dine spør deg kven det er, og kvar du kjenner vedkomande frå. Kva svarer du?
  2. På bussen saman med fleire andre menneske sit to lærlingar frå praksisstaden din. Du overhøyrer at dei snakkar om jobben sin og brukarane der. Undervegs i samtalen deler dei informasjon om brukarane som du tenker at uvedkommande ikkje skal ha kjennskap til. Kva gjer du?
  3. På morgonmøtet i praksis får du rapport om ein ny brukar. Nokon av kollegaene dine kjenner denne brukaren frå den tidlegare arbeidsstaden sin og byrjar å fortelje intime detaljar om familieforholdet, økonomien og den tidlegare livsførselen til brukaren. Kva gjer du?

  4. Sambuaren til ein av dei næraste vennene dine kjem til legekontoret eller apoteket der du er i praksis, for å få antibiotikum på grunn av ein seksuelt overførbar infeksjon. Hen har nettopp vore på ferie i utlandet og var ikkje førebudd på å treffe deg der. Du ser at det er ubehageleg for vedkommande, og hen ber deg om å ikkje seie noko til vennen din. Kva svarer du?

  5. Du er i praksis som portør og får i oppdrag å transportere ein pasient til røntgenundersøking. Pasienten er ein gut på fem år med mogleg brot i underarmen. Du reagerer på at foreldra til guten verkar irriterte over å vere på sjukehuset, og at guten har så mange blåmerke på begge armane. Kva vil du gjere?

  6. I praksis på tannlegekontoret opplever du at to av tannhelsesekretærane snakkar så høgt saman at pasientane på venterommet kan høyre dei. Ein av dei fortel ei historie om ein engsteleg pasient som svima av etter tannbehandlinga, og du har ingen problem med å skjønne kven dei snakkar om. Korleis handterer du denne situasjonen?

Relatert innhald

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2024