Oppgave
Kva er individuell plan?
Brukarar med behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeidd ein individuell plan dersom dei sjølv ønskjer det. Planen skal ta utgangspunkt i brukaren sine eigne mål og behov og vere eit verktøy for samarbeid mellom brukaren og ulike tenesteytarar.
Bruk dei relaterte artiklane til å svare på spørsmåla.
- Kva er føremålet med individuell plan?
- Kven har rett til individuell plan?
- Kva lover omtaler retten til individuell plan?
- Kva seier forskrifta om samtykke til individuell plan?
- Kven har ansvaret for å utarbeide individuell plan?
- Kva skal individuell plan innehalde?