Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Kommunikasjonskluss?

Utforsk kva som kan gjere kommunikasjon vanskeleg.

Oppgåve 1. SKAM

Sjå videoen (lengde 3:55) frå dramaserien SKAM om kommunikasjon og diskuter:

  1. Kva for eit påtrengande problem er det Isak kjem til "skulelegen" med for å få hjelp til?
  2. Kva meiner Isak er riktig løysing på problema?
  3. Kva meiner "skulelegen" er løysinga på problemet?
  4. Korleis prøver ho å overtyde Isak om at menneskeleg kommunikasjon er svaret på problema hans?

Oppgåve 2. Rollespel

Lag eit rollespel om dobbeltkommunikasjon:

  1. Gå saman i par og lag eit rollespel som skal illustrere fagomgrepet "dobbeltkommunikasjon".
  2. Framfør framfor klassen: Klarer dei andre elevane å setje ord på kvifor ord og kroppsspråk ikkje stemmer overeins?

Oppgåve 3. Lag tankekart

Kva kan gjere kommunikasjon vanskeleg?

  1. Lag eit tankekart eller ei punktliste med alt du kjem på.
  2. Kva punkt er knytte til høvesvis sendar, mottakar og bodskapen? Sorter punkta inn i desse kategoriane og forklar korleis dei påverkar kommunikasjonen.
Skrive av Åsa Abusland og Marthe Moe.
Sist oppdatert 19.02.2026