Diskusjonsøvingar

Oppgåve
- Gå saman i grupper på tre.
- Den i gruppa som har fødselsdag først, får ansvaret for å styre diskusjonen.
- Dei to andre i gruppa skal no diskutere eit tema og samtidig øve på ulike ferdigheiter som vi veit bidreg til betre diskusjonar.
- Tredjemann i gruppa passar på at de følger diskusjonsreglane og kjem med tilbakemeldingar etter øvinga. De kan diskutere tilbakemeldingane saman i gruppa etterpå. Kva fungerte bra, og kva kunne vore betre?
Vel eitt av desse temaa (eller finn på eit eige):
ytringsfridom på nett
jenter og gaming
gutar og psykisk helse
- Bruk litt tid på å førebu dykk på emnet de skal diskutere før de set i gong med sjølve diskusjonen. Skriv ned det du veit om emnet, argument for og i mot, og finn pålitelege kjelder som du kan trekke inn i diskusjonen.
Gjennomføring
Vel ein gjenstand (ein blyant, eit samankrølla ark) som skal vere ein slags stafettpinne for snakking. Det er berre lov å snakke når du held denne. Dette kan gjere det enklare å øve på å lytte til kvarandre utan å avbryte. Den som har ansvaret for å styre diskusjonen, passar på at gjenstanden blir overlevert på ein god måte, slik at begge får snakke utan avbrytingar.
Byt på å dele synspunkt om saka de har valt. Skriv gjerne ned hjelpesetningane og bruk dei i diskusjonen.
Diskusjonsreglar
Vis at du lyttar og har forstått partnaren ved å prøve å gjenta hovudpoenget til den andre.
Hjelpesetningar:Det du meiner er altså at …
Eg forstår det slik at du seier at ...
Bygg på kvarandre sine synspunkt.
Hjelpesetningar:Eg vil legge til det du seier …
Kva om det du seier er …
Eg høyrer kva du seier, og eg trur at dette kan bety at ...
Vis når du er ueining, men utan å angripe personar eller ved å vere usakleg. Vis òg at du set pris på at andre kjem med synspunkta sine, sjølv om dei er ueinige med deg.
Hjelpesetningar:Eg er ueinig med deg i dette, fordi eg meiner at ...
Det er viktig at du kjem med meininga di, fordi det gjer at eg ser ...
- Pass på kroppsspråket ditt. Å himle med auga, flire eller sitje med armane i kors kan verke respektlaust og avvisande.
Be den andre om å utdjupe synspunkta og påstandane sine. Det kan bidra til at de lyttar meir merksamt til kvarandre. Det kan òg rydde opp i misforståingar.
Hjelpesetningar:Kan du fortelje meg meir om ...?
Kva slags kunnskap eller kjelder bygger du denne påstanden på?
Kan du forklare kva du meiner med ...?