Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Forsøk med einvegs- og tovegskommunikasjon

Bruk desse forsøka til å bli fortruleg med alle dei nye omgrepa som er introduserte i den klassiske kommunikasjonsmodellen.

Del 1: Teikn etter instruks

De treng: eit stykke papir, blyant og ei tavle

Ein deltakar i forsøket teiknar ein trekant, eit rektangel og eit kvadrat som heng saman på ein bestemt måte på eit stykke papir. Denne deltakaren skal fungere som avsendar og skal no instruere ein annan deltakar, som skal fungere som mottakar.

Avsendar skal stå med ryggen mot tavla slik at hen ikkje ser resultatet. Mottakar skal teikne figurane etter avsendaren som gir ei munnleg rettleiing. Det er viktig at mottakaren ikkje ser originalteikninga.

  • Første del av forsøket er basert på einvegskommunikasjon. Mottakaren har ikkje lov til å stille spørsmål. Hen skal berre teikne etter dei instruksjonane hen får. Ta tida hen bruker.
  • Andre del av forsøket er basert på tovegskommunikasjon. Mottakaren får ei tilsvarande oppgåve, men no kan hen stille spørsmål slik at hen får meir presise instruksjonar frå avsendaren. Ta tida no òg.

Del 2: Bygg lego etter instruks

De treng: legoklossar og eit skjermbrett

Same forsøk som ovanfor kan òg gjennomførast ved at to deltakarar sit på kvar si side av eit skjermbrett. Begge har det same talet legoklossar. Avsendaren skal seie korleis hen set saman legoklossane.

Mottakaren skal setje saman klossane etter instruksjonar frå avsendaren. I første omgang har hen ikkje lov til å be om presiseringar. I neste omgang kan hen få lov til å be om utfyllande forklaringar undervegs.

Del 3: Diskuter

  1. Korleis var det å teikne med einvegskommunikasjon?

  2. Korleis var det å teikne med tovegskommunikasjon?

  3. Kva var vanskelegast? Å teikne eller å bygge lego? Kvifor?

  4. Kva kan vi lære om einvegs- og tovegskommunikasjon av desse forsøka?

Relatert innhald

Kommunikasjonsmodellar

Kva er det som eigentleg skjer når vi kommuniserer med kvarandre? Ulike kommunikasjonsmodellar kan hjelpe oss å forstå.

Skrive av Øyvind Dahl.
Sist oppdatert 16.01.2026