Oppgave
Utforsk kulturell identitet og andregjering
Andres blikk kan forme korleis du ser på deg sjølv. Lær om andregjøring og kulturell identitet, og utforsk temaet åleine eller saman.
Les artikkelen Kulturell identitet og andregjering, og svar på desse spørsmåla:
- Korleis tolkar andre deg?
- Kven har makt til å definere andre?
- Kva er forholdet mellom majoritet og minoritet?
- Kva kan vere ein god "medisin" mot andregjering?
Les den norsk-iranske legen Kaveh Rashidis innlegg Er jeg norsk? i Aftenposten.
- I innlegget bruker Kaveh Rashidi desse omgrepa til å beskrive den kulturelle identiteten sin: norsk statsborgar, nordmann, norsk, nasjonalitet, genetiske røter, personleg identitet, røter, etnisk norsk, 100 prosent norsk, norsk av utanlandsk opphav, muslim. Lag ei liste over omgrepa, og ta for deg eitt om gongen. Kva legg du i omgrepa, og korleis tolkar du dei slik dei blir brukte i teksten?
- Kva slags ulike syn på kulturell identitet ligg bak dei ulike omgrepa som blir brukte for å beskrive Rashidi? Prøv å bruke nokre av omgrepa frå fagartikkelen om kulturell identitet under.
- Følg oppmodinga som Rashidi kjem med i slutten av innlegget, og køyr debatt: "Så vær så god, kjør debatt. Er jeg norsk? Er jeg 100 prosent norsk? Er jeg nordmann?"