Oppgave
Utforsk kapital og kulturelle kodar
Utforsk kapital og kulturelle kodar i dramaserien Rådebank.
Relatert innhald
Fagstoff
Kulturell kapitalKva er kulturell kapital, og korleis kan vi bruke omgrepet til å utforske kulturelle fenomen?
Les fagartikkelen om kulturell kapital, og utdjup desse stikkorda på bakgrunn av det du finn i artikkelen.
- kapital
- kulturell kapital
- sosial kapital
- kulturelle kodar
- høgkultur
- lågkultur
- makt
- status
- klasseskilje
Del 1
Hendingane i dramaserien Rådebank er inspirert av verkelege hendingar i rånemiljøet i Bø, Notodden og Ulefoss. I denne oppgåva skal du undersøkje kapitalen til ein av karakterane i Rådebank, og kva for nokre kulturelle kodar som gjeld i rånemiljøet.
Glenn-Tore (GT) er hovudpersonen i serien. Sjå første episode av sesong 1, og bruk punkta under for å beskrive GT. Legg òg merke til kva for kulturelle kodar som gjeld i miljøet han høyrer til.
- bustad og interiør
- livssyn
- politisk syn
- vener
- jobb
- utdanning
- inntekt
- interesser og fritid
- klessmak
- lesevanar
- musikksmak
- mat og drikke
- filmar
- bil (viss dei har bil)
- verdiar
Del 2 – drøfting i par
- Gå gjennom del 1 saman med ein medelev, og samanlikn kva de har notert. Har de gjort nokon av dei same observasjonane?
- I artikkelen om kulturell kapital står det at "Det å meistre kulturelle kodar er å ha det vi kan kalle kulturell kapital". Kva for kulturelle kodar gjeld for GT og miljøet han er ein del av? Er nokon av desse kulturelle kodane i konflikt med kodar som gjeld i samfunnet generelt?
- Er det nokon karakterar i serien som representerer ein annan type kulturell kapital enn den GT har?
- Kva fortel episoden oss om makt, status og klasseskilje?
- Kven er det som definerer kva som blir sett på som lågkultur og kva som blir sett på som høgkultur? Korleis ser karakterane i serien Rådebank på seg sjølve og dei kulturelle kodane sine, trur de?
- Kor nyttig synest de omgrepet kulturell kapital har vore i arbeidet med å forstå karakterane og tematikken i Rådebank?