Ulike tilnærmingar til kultur - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Ulike tilnærmingar til kultur

Utforsk dei ulike tilnærmingane til kultur, og sjå sjølv kva som skjer når du bruker dei.

Utgangspunktet for desse oppgåvene er desse fagartiklane om ulike tilnærmingar til kultur:

Relatert innhald

Få oversikt over ulike tilnærmingar til kultur

  1. Les artiklane om ulike tilnærmingar til kultur. Lag ei oversikt over kva desse omgrepa betyr:

    objektiv, normativ kulturforståing, essensialistisk kulturforståing, beskrivande kulturforståing, tynne og tjukke skildringar og dynamisk kulturforståing
  2. Gå saman i par, og finn eller ta bilete som illustrerer dei ulike måtane å forstå kultur på. Samanlikn bileta i klassen, og diskuter likskapar og forskjellar.

Gir det meining å beskrive andre kulturar objektivt?

I artikkelen «The Body Rituals Among the Nacirema» frå 1956 beskriv antropologen Horace Miner handlingane og levesettet til Nacirema-folket:

Det daglege kroppsritualet som alle gjennomfører, inkluderer eit munnritual. Sjølv om desse folka vanlegvis er ekstremt nøye med alt som har med munnhygiene å gjere, inkluderer dette ritualet ein praksis som kan verke fråstøytande på ein uinnvigd framandt.

… ritualet bestod av å føre ein liten bunt med svinehår inn i munnhòla, saman med ein liten dose magisk pulver, så blei bunten ført rundt i munnen i svær formaliserte rørsler. I tillegg til dette private munnritualet oppsøkjer dei ein heilag munn-mann éin til to gonger i året.

(Miner, s 3, 1956, vår omsetjing)

Bruk omgrepa frå fagartiklane om ulike tilnærmingar til kultur når du reflekterer over desse spørsmåla:

  1. Kva er det som blir skildra her? Eit hint: Kva blir Nacirema baklengs?
  2. Gir det meining å skildre dette «ritualet» på denne måten?
  3. Kva trur du Miner ville oppnå med å skrive om Nacirema-folket?
  4. Skildringane av Nacirema-folket kan likne på antropologiske skildringar av dagleglivet hos det som blei sett på som «framande» kulturar. Kva tenkjer du om dette?

Ulike tilnærmingar til russetida

  1. I par: Bruk tynne skildringar for å beskrive russetida for kvarandre. Korleis opplever de dette?
  2. Bruk dei andre tilnærmingane til kultur frå artikkelen til å beskrive russetida som kulturelt fenomen. Diskuter: Kva tilnærming meiner de eignar seg best?

Her kan du lese heile artikkelen om Nacirema-folket på originalspråket engelsk:

Relatert innhald

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2020