Ulike tilnærmingar til kultur
Oppgåve 1. Få oversikt over ulike tilnærmingar til kultur
Les artiklane om ulike tilnærmingar til kultur: Normativ og beskrivande, og essensialistisk og dynamisk. Lag ei oversikt over kva desse omgrepa betyr:
objektiv
normativ kulturforståing
essensialistisk kulturforståing
beskrivande kulturforståing
tynne og tjukke skildringar
dynamisk kulturforståing
Gå saman i par, og finn eller ta bilete som illustrerer dei ulike måtane å forstå kultur på. Samanlikn bileta i klassen, og diskuter likskapar og forskjellar.
Oppgåve 2. Gir det meining å beskrive andre kulturar objektivt?
I artikkelen "The Body Rituals Among the Nacirema" frå 1956 beskriv antropologen Horace Miner handlingane og levesettet til Nacirema-folket:
Det daglege kroppsritualet som alle gjennomfører, inkluderer eit munnritual. Sjølv om desse folka vanlegvis er ekstremt nøye med alt som har med munnhygiene å gjere, inkluderer dette ritualet ein praksis som kan verke fråstøytande på ein uinnvigd framandt.
… ritualet bestod av å føre ein liten bunt med svinehår inn i munnhòla, saman med ein liten dose magisk pulver, så blei bunten ført rundt i munnen i svær formaliserte rørsler. I tillegg til dette private munnritualet oppsøkjer dei ein heilag munn-mann éin til to gonger i året.
(Miner, s 3, 1956, vår omsetjing)
Bruk omgrepa frå fagartiklane om ulike tilnærmingar til kultur når du reflekterer over desse spørsmåla:
- Kva er det som blir skildra her? Eit hint: Kva blir Nacirema baklengs?
- Gir det meining å skildre dette "ritualet" på denne måten?
- Kva trur du Miner ville oppnå med å skrive om Nacirema-folket?
- Skildringane av Nacirema-folket kan likne på antropologiske skildringar av dagleglivet hos det som blei sett på som «framande» kulturar. Kva tenkjer du om dette?
Oppgåve 3. Ulike tilnærmingar til russetida
- I par: Bruk tynne skildringar for å beskrive russetida for kvarandre. Korleis opplever de dette?
- Bruk dei andre tilnærmingane til kultur frå artikkelen til å beskrive russetida som kulturelt fenomen. Diskuter: Kva tilnærming meiner de eignar seg best?