Third culture kids? - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Third culture kids?

Kan omgrepet "third culture kids" brukast for å diskutere filmen Alle utlendinger har lukka gardiner?

Før du ser filmen

Les artikkelen om eit tredje rom for identitet og såkalla "third culture kids" under og bruk han til å reflektere over filmen.

Relatert innhald

Fagstoff
Eit tredje rom for identitet

Kva skjer når ungdom vel å skape eit tredje rom for identitet, i staden for valet mellom å vere innanfor eller utanfor?

Oppgåver til filmen

Oppgåve 1. Eit tredje rom for identitet

  1. Kva betyr det å vere "third culture kids"?
  2. Vil du seie at merkelappen "third culture kids" passar til ungdommane du møter i filmen? Grunngi.
  3. Språk, klede og musikk er måtar å uttrykkje identitet på. Kva fellestrekk har ungdommane på desse områda? Kva forskjellar uttrykkjer dei gjennom klede, språk eller musikk?
  4. Kva slags motstridande forventningar når det gjeld kulturelle verdiar, normer og kjønnsroller opplever rollefigurane i filmen? Ta for deg to av karakterane og beskriv dilemma dei møter på grunn av motstridande forventningar.
  5. Korleis løyser personane du møter i filmen konfliktane som oppstår på grunn av ulike kulturelle ståstader?

Oppgåve 2. Interseksjonalitet

Det er ikkje berre kulturell tilhøyrsel som definerer Mariana og dei andre ungdommane. Økonomisk klasse, religion, kjønn og seksuell legning er òg kategoriar som pregar dei. Samspelet mellom desse sidene av identiteten kan ha ulike verknader. Dette er ein effekt som omgrepet prøver å setje ord på.

Vel éin av desse karakterane og diskuter kva for sider ved identiteten deira som pregar dei. Korleis er samspelet mellom desse sidene?

  • far til Mariana
  • Johnny
  • Mariana
Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2020