Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Analysespørsmål

Her får du nokre forslag til spørsmål du kan bruke for å analysere ulike emne i faget.

Kulturelle fenomen

  1. Er fenomenet unikt for den kulturen du undersøker?

  2. Er fenomenet ulikt i ulike geografiske område?

  3. Er det ulikt blant ulike grupper av folk? (Er det til dømes forskjell mellom fattig-rik, ung-gammal, by-bygd?)

  4. Kor lenge har det kulturelle fenomenet eksistert?

  5. Har fenomenet oppstått i møte med andre kulturar?

  6. Kvifor tenker vi på dette fenomenet som noko som kjenneteiknar ein bestemd kultur, til dømes den norske kulturen?

Kulturelle fenomen – metodisk kulturrelativisme

  1. Har du sett på fenomenet innanfrå? Det vil seie at du tek del i dette fenomenet, kjenner kodane og deler verdiane?

  2. Eller har du sett på det utanfrå, frå posisjonen til nokon som verken kjenner kodane, deler verdiane eller har delteke i dette?

  3. Har du sett på fenomenet med ei etnosentrisk haldning, der du tek utgangspunkt i kulturen din som den "rette"?

  4. Har du sett på fenomenet med ein metodisk kulturrelativisme, der du prøver å legge til dine eigne fastlåste haldningar og prøver forstå korleis det blir opplevd og gir meining frå innsida?

Kulturell identitet

  1. Korleis blir ulike kulturelle identitetar representerte i analysematerialet?

  2. Kva delar av identiteten kjem av tilhøyrsel til og identifikasjon med kulturelle fellesskapar? Til dømes subkulturar, ungdomskultur, etnisitet, religion og nasjonalitet?

  3. Kva andre grupper er den kulturelle identiteten definert i motsetning til? Kven er "dei andre", dei som ikkje deler verdiane i den kulturelle fellesskapen og måtane å vere på?

  4. I kva grad kjem den kulturelle identiteten frå ein tredje kultur, ein third culture?

  5. I kva grad vel folk den kulturelle identiteten sin sjølve? Og i kva grad er det andre som definerer dei?

Kulturell identitet og globalisering

  1. Korleis blir ulike kulturelle identitetar representerte i analysematerialet?

  2. Korleis er den kulturelle identiteten eller det kulturelle fenomenet påverka av globalisering?

  3. Har individet eller gruppa stor eller liten mobilitet?

  4. Er heimstaden ein viktig del av identiteten, eller høyrer dei heime over heile verda?

  5. Kan denne gruppa eller desse individa reise fritt i heile verda, eller møter dei restriksjonar?

Kulturell identitet og makt

  1. Har denne kulturen eller den kulturelle identiteten blitt definert av nokon andre som har meir makt (til dømes ei kolonimakt)?

  2. Har den kulturelle identiteten blitt vurdert som mindreverdig av nokon med definisjonsmakt?

  3. Er i så fall denne nedvurderinga eit resultat av etnosentrisme?

Kommunikasjon

  1. Kven er avsendar av meldinga?

  2. Kven er mottakar av meldinga?

  3. Kva er konteksten for meldinga?

  4. Kva er kulturkonteksten, situasjonskonteksten og den tekstuelle konteksten?

  5. Kva teikn er brukte til å kode bodskapen i meldinga? Er det brukt symbol, ikon eller indeksar?

  6. Har meldinga eller teikna konnotasjonar?

  7. Kva er intendert melding?

  8. Kva er avkoda melding?

  9. Korleis påverkar kulturbakgrunnen til mottakar og avsendar korleis bodskapen blir innkoda og avkoda?

  10. Kva for sosiale faktorar påverkar kommunikasjonen?

  11. Kva maktforhold er det mellom mottakar og avsendar?

  12. Kva medium går kommunikasjonen føre seg i?

  13. Korleis påverkar alt dette over, kommunikasjonen?

Ressurs som høyrer til

Emne: Kommunikasjonsteori

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist oppdatert 01.10.2025