Tre som materiale - Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Tre som materiale

Har du late deg fascinere av at treoverflater har ulike fargar og kvalitetar? Lær deg å skilje mellom ulike treslag. I denne oppgåva skal de finne forskjellar på ulike typar tre og undersøke korleis det blir brukt som materiale.

Undersøk kva slags eigenskapar og bruksområde tre har som materiale, og lag ein presentasjon.

Del 1. Treslag

Korleis ser følgande treslag ut?

  • eik

  • bjørk

  • ask

  • gran

  • furu

  • valnøtt

  • bambus

Finn bilete av treet i naturen og korleis treverket ser ut i bruk. Skriv nokre nøkkelpunkt om eigenskapane til treverket. Finn fire eller fem døme på interiørprodukt i ulike treslag. Set opp ei fin komponert oversikt i presentasjonen.

Del 2. Trefiberplater

Ofte bruker vi erstatningar for heiltre i form av ulike trefiberplater.

Kva er forskjellen på kryssfiner, MDF og sponplate?

Vis bilete og skriv nokre nøkkelpunkt om kvart av desse materiala. Kvar blir dei ulike platene brukte? Vis gjerne døme. Set informasjon og bilete inn i presentasjonen din.

Del 3. Berekraft

Vurder bruk av tre som materiale i interiør. Kva skal til for at tre kan reknast som eit berekraftig materiale? Korleis kan du påverke samfunnet og naturen ved å ta berekraftige val i eige arbeid?
Samanfatt refleksjonane dine i presentasjonen.

Relatert innhald

Fagstoff
Tre som materiale

Tre er eit levande materiale med mange bruksområde. Lær om eigenskapane til treet, tørkeprosess, fiberretning og om ulike tresortar.

Skrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2022